Bildevatnet rundt

Rask og fin rundløype i nærast urørt natur på austsida av Fjell. Ein tur for dei som søkjer utsyn! Men, kor mange kommunar kan du eigentleg sjå herifrå?

Bildevatnet ligg, i motsetnad til kva namnet antydar, ikkje på Bildøy, men på Store Sotra. Nærare bestemt i nordre enden av fjellryggen som strekkjer seg langs austsida av Store Sotra frå Liaskjæret til Kolltveit. Namnet vitnar om eigarskapen. Velståande Bilde-gardar kjøpte kring 1700 store utmarksområde på andre sida av sundet, og er framleis grunneigarar her.

Start
Turen startar ved den tidlegare Televerks-stasjonen i Bildøybakken. Følg den asfalterte vegen oppover mot FjellVar sitt vassbehandlingsanlegg. Akkurat i tregrensa, der vegen flatar ut, er det tid for å treffa eit val: følja austsida eller vestsida først?

Over tregrensa
Vel du vestsida, held du fram langs den asfalterte vegen til du står framfor demningen. No skal du ut i terrenget! Stien går bratt oppover enno eit kort stykke, inntil du når fjellkammen.

Den låge tregrensa sikrar god utsikt både mot aust og vest. Herifrå er det fritt utsyn til Nordsjøen på vestsida og Flesland på austsida. I nord kan du skimta fakkelen på Kollsnes om veret tillet det. I sør ser du Liatårnet og radarane på Ekrafjedle.

Test geografikunnskapen
Er du god i geografi? Her kan du testa kunnskapen. Kor mange kommunar kan du sjå herifrå? Tenk: Sunnhordland, Hardanger, Bergen og Nordhordland. Det vert eindel…

Frå toppen kan du følja fjellkammen sørover. Her er flatt og fjellendt og lett å gå.

Utsikt frå demninga mot sør.
Utsikt frå demninga mot sør.

Fjellparken
Det langstrakte Bildevatnet er innfallsporten til eit urørt fjell- og utmarksterreng som den siste tida har fått namnet ”Fjellparken”.

I sørenden av Bildevatnet kan du velja om du vil forlenga turen: Ned Bjørkedalen og du kan gå til Fjell Festning eller opp mot Liatårnet. Litt lenger aust kan du også finna merka sti til Pyttane og radarane på Ekrafjedle.

klopparGodt skilta
Oppgraderinga av status har ført til at stiane i området siste året er blitt godt skilta. Det er også byrja koma kloppar over nokon av dei våtaste partia, slik at turen kan gjennomførast i joggesko i lange periodar av året.

Austsida
Valde du i staden å ta austsida av vatnet først, vert stigninga slakkare enn om du hadde gått på vestsida. I staden vil du finna nokre få korte parti der det kan vera greit å testa klatreferdighetane.

Går du raskt, kan turen gjerast unna på ein time.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s