Folkeopprøraren

Ordførar og rådmann i Askøy såg nok for seg at det skulle verta politisk plankekøyring å driva gjennom reguleringsplanen som skulle omdanna kommunesenteret Kleppestø til by. Det var før Bård Espelid og Kleppestø Vel mobiliserte. No har bymotstandarane fått med seg resten av kommunen og stiller eiga liste til kommunevalet.

bård espelid nær m logo
– Eit sterkt folkeleg engasjement som dei etablerte politiske partia ikkje klarar å fanga opp, er det som driv meg, seier Bård Espelid, ordførarkandidat for nyetablerte Askøylisten.

Planane om Kleppestøbyen er inne i sin andre runde. Finanskrisa i 2008 sette ein bråstopp for storentrepenøren NCC sine planar om å verkeleggjera kommunen sine gigantomane visjonar.

I 2012 var det på’an igjen. Kommunesenteret skulle endrast totalt. Kjende landemerkjer som Maltvikaneset skulle sprengjast, og store steinmassar fyllast i fjorden. 10 – 12 bustadar må vekk, vert planen realisert.

Revitaliserte velforeininga
Kloke av erfaring valde innbyggjarane på Kleppestø å organisera seg straks dei fekk nyss om dei siste planane. Kleppestø Vel vart revitalisert for å påta seg oppgåva, fortel Bård Espelid. Espelid har hatt ulike posisjonar i styret sidan 2012, og har stige fram som hovdingen for den lokale engasjementet.

Velforeininga har valt å møta Rådhuset høgt oppe på eigen banehalvdel. Gjennom fem godt besøkte folkemøte har dei sørga for å halda interessa til innbyggjarane varm, medan kommunen har gjort lite for å visa vilje til dialog med innbyggjarane, slik dei ser det.

Betydeleg motstand
– Innbyggjarane sitt engasjement for eige lokalmiljø har blitt møtt med betydeleg motstand på Rådhuset, stadfestar Espelid.

– Rådmann og ordførar har valt å oversjå oss. Dei seier at alle skal verta hørt, men freistar å framstella det at vi har anledning til å senda inn høyringsinnspel til ferdige planar som medverknad. Sentrale politikar ser på oss som motstandarar, men der har dei misforstått.

Innbyggjarengasjement er ei gåve til kommunen. Ei gåve som i dette tilfellet er blitt fullstendig oversett, utdjupar han.

Laga alternativ plan
For å synleggjera at kommunesenteret faktisk kan utviklast på andre måtar enn det rådmannen ser for seg, presenterte Kleppestø Vel i fjor haust ei alternativ og langt mindre omfattande skisse til fortetting.

For å finansiera ideskissa som er utarbeida av arkitektane Eriksen & Skajaa, har velforeininga vore nøydd til å samla inn ein sekssifra sum.

– Det er tragisk at vi som bur i Kleppestø er nøydd til å gjera det på denne måten for å få fram andre perspektiv på utvikling av heimstaden vår enn det rådmannen har, seier Espelid.

Utbyggjarvenleg
Byplanlegginga skjer denne gongen tilsynelatande utan at nokon stor utbyggingsaktør står klar i kulissane. Styret i Kleppestø Vel fryktar likevel at det offisielle planutkastet har blitt som det har blitt for å framstilla kommunen som mest mogeleg attraktiv for kommersielle utbyggjarar.

– Kommunen skal ivareta alle interesser, både på kort og lang sikt. Det å utvikla ein by utløyser andre behov enn dei ein utbyggjar kan ivareta. Askøy har i litt for stor grad valt å prioritera utbyggjarane sine interesser, hevdar Espelid.

Demokratifornying
Plan og bygningslova §5 tilseier at innbyggjarane skal ha anledning til å medverka i plan og byggjesaker.

– Så lenge medverknaden i praksis vert avgrensa til å kommentera ferdige planar, fungerer lova som eit spel for galleriet, seier Espelid.

Rådhuset sin motstand mot innbyggjarengasjement er ikkje konsentrert berre til byplanlegginga. Same tendensen ser Espelid også i skulepolitikken, der foreldreinnspel i altfor liten grad vert tekne omsyn til.

– Askøy treng ei demokratifornying. Å få fleire til å involvera seg i lokaldemokratiet er hovudmotivet mitt for å engasjera meg, seier han.

Ordførarkandidat med eiga liste
Engasjementet for lokalmiljøet har fått den tidlegare partilause Espelid til å ta steget inn i rampelyset. Framfor kommunevalet i haust frontar han posisjonen som ordførarkandidat for den nyoppretta Askøylista.

– Om du verkeleg ønskjer å påverka, har eg blitt overtydd om at det er naudsynt å jobba politisk og sitja i kommunestyret, seier han. Ordførarkandidaten feirar ikkje resultatet på forskot, men håpar å få inn minst to representantar.

Tilbakemeldingane på Askøylista er blanda. Uformelle meiningsmålingar gjev lista god oppslutnad hos menige Asketappar. Dei politiske motstandarane derimot, freistar framstilla det som om lista ikkje har noko program utanom motstanden mot Kleppestøbyen.

Nord – sør- allianse
– Vi hadde ikkje klart å samla dei 300 underskriftene som krevst om bymotstanden var det einaste vi er opptekne av, seier Espelid.

– Vi har fått til ein nord – sør-allianse. Målsetjinga er å ta heile Askøy i bruk. Planen for Kleppestø er ikkje berekraftig. Kommunen har ikkje økonomi til å gjennomføra ein slik plan. Freistar vi, mister vi kontroll over utviklinga, hevdar Espelid.

Askøy kommune si primære oppgåve er å vera tenesteleverandør. Å styrka kommunen sitt tilbod til barn og ungdom, og å tilby eit meir mangfaldig tilbod til eldre, vil vera ei av kampsakene, lovar han.

Å få det til, vil vera ei utfordring økonomisk. Med ei samla lånegjeld på 2,8 milliardar, og ei driftsinntekt på beskjedne 1,3 milliardar, er kommunen nær toppen av Riksrevisjonen si OBS-liste. Gjeldssituasjonen tilseier at dekning av renter og avdrag vil gå ut over det framtidige tenestetilbodet. Kommunen sitt handlingsrom vil vere sterk begrenset i åra som kjem.

Innføring av strenge rekkjefølgjekrav kan vera ei løysing. Då vil ein kunna hindra utbygging av nye bustadfelt i eit område før veg, vatn, avløp og skulesituasjonen tilseier at det er forsvarleg.

Fylkeskommunale føringar
– Kommunikasjonsmessig er Kleppestø ei bakevje. Geografi og infrastruktur tilseier at det finst andre stadar i kommunen som vil vera meir naturleg som kommunesenter. Å investera så mykje pengar på Kleppestø vil vera galskap, hevdar Espelid.

– Ved å utpeika Kleppestø som regionsenter legg Hordaland fylkeskommune føringar for næringsutviklinga på Askøy. Kleppestø er ikkje laga for at bygda skal utviklast som eit stort handlesenter. Store handleinstitusjonar bør leggjast andre stadar. No set kravet om fylkeskommunal godkjenning av senter med golvflate over 3000 kvadratmeter ein stoppar for alle som ønskjer å etablera noko utanfor Kleppestø. Fylkeskommunen bidreg til ei uønska sentralisering, hevdar Askøylista sin ordførarkandidat.

Auka openheit
Kleppestø Vel har jobba intenst for å dokumentera kommunen sine reelle kostnadar til byutviklinga. Står auka openheit og innsyn i administrative prosessar generelt på din dagsorden?

– Transparens skapar forståing og er ein viktig del av demokratiet. Eg er overraska over at politiske parti som tidlegare har kjempa for openheit, som Venstre, no går inn for å redusera innsynet i saksførebuande prosessar i Byrådet, seier Espelid.

Forslaget om kommunesamanslåing er han skeptisk til. Først må det i så fall fleirtalet av innbyggjarane seia ”ja” i ei folkeavstemming.

Radikal ungdom
Bård Espelid stiller ikkje opp på den politiske arenaen heilt uførebudd. Politikken har han fått inn gjennom heile oppveksten. Far hans, Mons Espelid, var mangårig ordførar og stortingsrepresentant for Venstre. Familienavnet Espelid er kjent langt utanfor Askøy. Tanta hans heiter Ingrid Espelid Hovig.

Sjølv legg han ikkje skjul på at han var ein radikal student, for snart 40 år sidan. At han stod på ”Bjartmar-liste”, på 1980-talet var likevel berre for at partiet Raud Valallianse skulle få delta i NRK sine landsdekkjande fjernsynsdebattar. Ein periode var han dessutan medlem i Norges kommunistiske Studentunion, ein drivande kraft bak Rød Front i studentersamfunna på den tida.

Den radikale fortida er historie. Som forretningsutviklar i DNV-GL har han vore aktiv i arbeidet med å utvikla subsea-klyngen i Bergensområdet. Tida som vert til overs utanom jobben går med til å vedlikehalda gamle hus, hogga ved og nyta livet saman med sambuar, to born, tre borneborn og fire bonusborneborn. Om han lyttar til musikk, ligg henslengt på sofaen framfor fjernsynet for å sjå fotball, eller dreg på aktiv ferie med segling eller sykling i Europa, tja det vert no som det passar best.

Ingen kompromiss

Praktisk politikk kan til tider vera dominert av kompromiss og hestehandel. Fjell har i eindel år hatt ei tilsvarande liste, Sotralista, med eit tilsvarande utgangspunkt og tilsvarande program. Då dei kom til makta, var det å driva gjennom den kontroversielle Straumeplanen noko av det første dei gjorde. Kan du garantera at Asketappane ikkje vil oppleva det same med deg i posisjon?

– Politikkutforminga må vera dialogbasert. Ved å innta politiske standpunkt etter samråd med berørte partar, håpar eg å kunna bidra til å henta andre røyster inn i lokalpolitikken, seier Espelid.

No ser han fram til valkampen:
– Innbyggjarane på Kleppestø og i resten av kommunen har vist eit voldsomt lokalpolitisk engasjement som dei etablerte politiske partia ikkje har klart å fanga opp. Det gjev meg energi til å stå på, seier Askøylista sin ordførarkandidat.

Advertisements

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.