…men kor var Sotra-strilen?

Ulrik_Fredrik_Cicignon18. april er det 250 år sidan Strila-krigen, det største bondeopprøret i Norge, nokongong. Strilane var tidleg ute. 24 år før den franske revolusjon gjorde dei opprør mot skattar, futar og konge. Sotra-strilen glimrar med sitt fråvær.

Dei sosiale nettverka fungerte, lenge før Facebook og Linkedin. Meir enn 2.500 strilar flokka til Bergen 18. april for å visa kva dei meinte om dåtidas makthavarar.

Kong Fredrik den 5 sin mann i Bergen var Stiftamtmann Ulrik Frederik von Cicignon. Det var han som måtte freista roa gemytta.

Skatteprotest
Strila-krigen var eit folkeleg opprør initiert av ekstraskatten danskekongen påla innbyggajrane i tvillingriket for å betala ned gjelda etter sjuårskrigen (1756 – 1763). Kvar person over 12 år måtte ut med ein riksdalar ekstra årleg i skatt. Ein betydeleg sum i dåtidas pengeverdi.

Digital utstilling
Spesialsamlingane ved Universitet i Bergen, i samarbeid med Statsarkivet, har laga ein digital utstilling for å markera den historiske hendinga. Her finn vi mellom anna ein oversikt over meir enn 2.500 personar som deltok i opprøret og som kravde å få tilbakebetalt ekstraskatten. Dei aller fleste strilar, men og nokre bergensarar frå almuen. Her var strilar frå Nordhordland, frå Osterøy og frå Arna, ja endå til frå Gulen. Askøy-folk og Øygardsværingar var rikt representert.

Kor var Sotra-strilen?
Berre ti Sotra-stilar deltok i opprøret, ifølgje oversikten. Fem av dei frå Sund; tre frå Dommedal og to frå Sangolt. Frå Fjell finn vi tre namn frå Turøy og to frå Misje. Det er oppsiktsvekkjande at Fjellsokningane utover det totalt glimrar med sitt fråvær.

Fråværet av Sotra-strilar på lista reiser ei rekkje spørsmål. Kvifor var dei ikkje tilstade, til like med folk frå Askøy, Øygarden og Nordhordland? Var dei meir velståande enn andre strilar, slik at ekstraskatten ikkje svei like hardt? Var dei kan hende ikkje inkludert i det sosiale nettverket som samla strilar frå resten av regionen?

Heile soga om Strila-krigen er enno ikkje fortalt!

Les meir:
Lokalhistorikar Halvor Skurtveit meinar han har svaret på kvifor Sotra-strilen ikkje deltok.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s