Gjestekommentar: Autoritetstru Sotra-strilar skugga unna Strila-krigen

Fleire historikarar har undra seg over kvifor Sotra-strilen glimra med sitt fråvær under Strila-krigen. Ei forklaring kan vera at Knut Simonsson Tyssøyna, som var lensmann i Fjell og Sund i 1765, skremte Sotra-strilane frå å delta i tumultane i Bergen 18. april. I alle fall skreiv han det i ettertid.

Av Halvor Skurtveit, forfattar av Gards- og slektshistoria frå Fjell.

Det er eit svært interessant spørsmål du tek opp her. Eg har sjølv undra meg over at ingen frå Fjell sokn og få frå Sund ser ut til å ha delteke i Strilekrigen.

Lojale undersåttar
Det næraste eg har kome ei forklaring er noko lensmann Knut Simonsson Tyssøyna skreiv i eit brev den 9. september 1776. Brevet vart skrive i samband med at sotrafolket nekta å delta i vedlikehaldsarbeidet på postvegen mellom Kalfaret og Midttun, og lensmannen ville med brevet m.a. få fram at folket her ute var lojale undersåttar trass i at dei ikkje ville vera med på vedlikehaldet av vegen.

Han peikte då på at folket på Sotra ikkje tok del i «det bekiendte Opløp» i 1765, sjølv om dei var blitt oppmoda og truga av «den heele rasende Almue» til å vera med. Lensmannen meinte at han sjølv hadde spelt ei viktig rolle i å roa ned sotrafolket, og å få dei til å halda seg vekke frå opprøret.

Her er det aktuelle sitatet (avskrift ved Fjell sogelag):
«de have allerede aflagt de kiendligste prøver paa Lydighed, der de uagtet dertil skeede opfordring og Trudsler af den heele rasende Almue ey toge deel i det bekiendte Opløp 1765, og Jeg tør med freidighed tilegne mig det, den meste indflydelse derudi, da Jeg betydede Dem hvor afsindigt det var og fik Dem til at afstaae fra deres Forsæt. I den samme Tillid som da bevægede Almuen at lyde min formaning, haver de endnu overdraget mig at andrage Deres Sag.»

Leiarrolle
Det kan vera noko i at folk på Sotra var autoritetstru, men samstundes viser det «tumultuariske Optrin» i 1814 at folk frå Sotra kunne vera opprørske, og til og med ta ei leiarrolle i opprøret.

Sjå t.d.: det eg skreiv på facebooksida til bygdeboka om dette:

Saka i 1814, som eg har studert meir inngåande enn strilekrigen i 1765, viser også at det kunne vera litt tilfeldig kva bygdelag som deltok mest aktivt, på grunn av at oppmodinga om å delta vart spreidd med løpesetlar.

Overdreiv lensmannen?
Dersom ein går djupare inn i materialet frå rettsoppgjeret etter strilekrigen, er det godt mogleg at fleire og betre forklaringar på dei lite opprørske Sotrastrilane i 1765 vil dukka opp. Det kan t.d. godt tenkjast at lensmannen overvurderte si eiga påvirkingskraft i det nemnde brevet.

Fut Bildsøe har nok ikkje noko tilknyting til Bildøyna. Fleire av etterkommarar etter dei to lensmennene på Bildøyna vart byborgarar, og brukte etternamn som Bildøe, Bildøen og Bille, men etter det eg veit vart ingen av dei embetsmenn. Opptrinnet i 1814 gir elles døme på at kanskje den største opprøraren i Fjell kom nettopp frå Bildøyna.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s