Vit kvar du går

Det skal verta einklare å finna fram i turområda i Fjell. Dei mest sentrale turområda våre skal merkast. Fjell Turlag har fått 350.000 kroner frå Hordaland fylkeskommune til skilting i år.

arild halvorsen nordsjøløypa:russarstegenUtmarksområda på Sotra vert stadig meir populære som turområde, ikkje berre for Sotra-strilar. Turar i skog og mark er eigenorganiserte aktivitetar som folk gjerne likar å driva på med gjennom heile livet, fortel leiar Arild Halvorsen i Fjell Turlag.

Søkjer frivillige
Dei frivillige i Fjell Turlag, saman med Sotra og Øygarden Turlag, har ansvar for å gjera det einklare for folk flest å ta seg fram i utmarksområda. Kutting av greiner, skilting av stiar og utlegging av kloppar i våte parti er deira oppgåve.

Fjellparken
Dugnadsgjengen til Fjell Turlag, som har base på Gjerdet Gard, jobbar overtid no i vår for å produsera skilt i henhald til nasjonale standardar.

I første omgang er det løypene i den sokalla Fjellparken som skal merkast. Deretter står Midtmarka for tur. Halvorsen er usikker på kor langt dei rekk å koma denne sommaren. Helst hadde han hatt langt fleire frivillige å fordela oppgåvene på.

Kommunedelplan
Gjennom kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011 – 2018 har Fjell vedteke å leggja til rette for friluftsliv i dei store utmarksområda i kommunen. I kommuneplanen sin arealdel er områda merka som LNF-område.

Mange navn
Kjært barn har mange navn, veit vi. Mange Fjellsokningar stussar over navn som Fjellparken og Midtmarka. Navna er innført i kommunedelplanen i håp om å etablera felles navn på dei største og mest nytta friluftsområda, fortel Halvorsen.

Fjellparken strekkjer seg frå Haganes i sør til Bildevatnet i nord, og frå Ekerhovd i aust til Fjell Festning i vest.

Midtmarka vert nytta om utmarksområdet frå Kolltveit i aust til Sekkingstad i vest, og frå Ulveseth i sør til Ågotnes i nord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s