Då byd’n kom til Ågotnes

Behova for lokal kjøpesenterutvikling og ekstrem fortetting stod i fokus då Fjell kommune inviterte til visjonsmøte om framtida til Ågotnes. Publikum på si side såg fram til å gå heim og fiska, smørja båten eller fora sauer. Velforeiningane glimra med sitt fråvær.

”Ågotnes – frå kommunens største vegkryss til eit levande sentrum”, var tema for møtet som samla eit 30-tals personar på Tranevågen ungdomsskule i ettermiddag.

Fjell kommune, ved plansjef Berit Rystad, og ordførarkandidat Tom Georg Indrevik (H), var dei som inviterte til møtet i forkant av oppstart av arbeidet med reguleringsplan for Ågotnes sentrum.

Betre planar

Indrevik har tydelegvis drege lærdom av tabbane til partifellene på Askøy i planlegginga av Kleppestø-byen:

– Planane vert betre når innbyggjarane vert invitert til å koma med innspel i ein tidleg fase av planarbeidet, i staden for berre koma med merknadar til ein ferdig plan, sa han i velkomsthelsinga si.

Skivebom
Den inviterte fagekspertisen, Fredrik Barth frå planleggingsselskapet Asplan Viak, bomma totalt på publikum. I hans byideal står handlesenteret i sentrum. Ekstrem fortetting skal sikra eit godt sosiale miljø. Kva han meinte med ”sosialt miljø”, lot han vera å definera. Istaden framheva Barth planen for Knarvik, der det vert lagt opp til at det skal bu 14 personar på eit mål – det dobbelte av Bergen.

Sotra Kystby fekk og skryt – for grunneigarengasjement og høg evne til gjennomføring.

Det siste er eit glansbilete underteikna ikkje heilt kjenner seg att i: At Sotra Kystby vert driven fram av ein sterk mann, er det vel få som vil nekta på, men det finst minst 200 grunneigarar som er mot prosjektet.

Framsynt næringsutvikling
Mest positiv tilbakemelding fekk Per Årsand i Vest Næringsråd. Ved å trekkja trådane tilbake til slutten på 1960-talet og starten på CCB, bidrog han til å gje planleggjarane ei naudsynt realitetsorientering.

Ågotnes-samfunnet har vore gjennom ei brutal omstilling tidlegare. Då sildefisket svikta på slutten av 1950-talet, måtte innbyggjarane finna seg anna levebrød. Fjell kommune sitt oppkjøp av store utmarksområde på Ågotnes vart byrjinga på offshore-eventyret, og grunnlag for etablering av dagens 4.000 arbeidsplassar. Planlegginga av Ågotnes sentrum må ta høgde for at denne utviklinga kan halda fram, utan å blanda bustad- og næringsområde, oppfordra Årsand.

Nokon må tena dei pengane vi skal handla for!

Aktiv fritid
– Er du ung på Ågotnes, er det lite å ta deg til dersom du ikkje er oppteken av fotball, hevda ein av ungdomane som var tilstade på møtet.

– Idrettslaga i nordre Fjell har gått saman om å starta planlegginga av ein serie idrettsareaner i Ågotnes-området, bundne saman av eit nett av gang- og sykkelvegar, fortalde Even Akerø i Akons.

-Ver tidleg ute!
Tom Georg Indrevik oppfordra innbyggjarane på Ågotnes til å vera tidleg ute og koma med innspel før første utkast av planen vert utarbeida. No bør velforeiningane på Ågotnes slutta å sova i timen!

Tunnelsyn.no vil koma tilbake med fleire saker om Ågotnes, mellom anna ei eigen omtale av Idrettalliansen sitt prosjekt.

Les også:
Folkeopprøraren
Overser utbyggingspresset på Straume
Gjestekommentar: Råderett over eigen eigedom eller kommunalt overformynderi
Bør det bu folk på Straume?

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s