Drøfta innfartsparkering

Foto: Fjell kommune
Foto: Fjell kommune

Kor mange er det eigentleg som dagleg reiser frå Sund, Søre Fjell og vestre Sotra til byd’n? Truleg er det grunnlag for eigen innfartsparkering på Fjell gard med direktebuss til Bergen sentrum, seier Ranveig Frøiland (Ap).

Pendlarane har parkert på nåde i tilknyting til Straume Terminal sidan nyttår. No er det utsikt til ei snarleg løysing på situasjonen, orienterte ordførar Eli Berland i formannskapet mandag.

Hordaland fylkeskommune, som har ansvar for all kollektivtransport i fylket, og Thon Eiendom AS har blitt samde om at det framleis skal vera reservert 130 plassar for innfartsparkering under OBS. Det einaste som står att er å underskriva avtalen, i følgje Berland.

Kjøpa i Kystbygarasjen
Parallelt har Fjell kommune forhandla fram ei eigen avtale om leige av 50 plassar for innfartsparkering nede i Kystbygarasjen. Parkeringsplassane skal erstatta dei 40 plassane ved terminalen kommunen mista ved årsskiftet. Desse plassane må Fjell betala for. Prislappen vil ordføraren koma attende til.

Trafikksituasjonen på Straume
Ranveig Frøiland har merka seg straumen av privatbilar som passerer Fjell morgon og kveld retning Bergen.

Sett i lys av trafikksituasjonen i Straume Sentrum, kan ho ikkje skjøna anna enn at det vil vera behov for ei eiga innfartsparkering vestom Sartor Senter, med direktebuss til Bergen.

Etterlyser statistikk
– Desse trafikktala må vi få på bordet, sa Frøiland. Ho oppfordra ordføraren til å kontakta Skyss for å få eit godt beslutningsgrunnlag.

Gratis tilbod
– Eg tenkjer at kostnaden ved å kjøpa plassar i Kystbygarasjen vert stor for Fjell kommune. Her på Fjell gard kan kommunen nytta både skuleplassen og den opparbeida parkeringa nede i bakken til innfartsparkering utan at det vil kosta noko, seier Frøiland.

Drøfta med andre
Ho vil no drøfta med andre politikarar korvidt det kan vera aktuelt å få til ei prøveordning med innfartsparkering på Fjell. Vert det vellukka, kan det verta aktuelt med tilsvarande tilbod på Knappskog eller Kolltveit.

– Kvifor må alle innom Sartor, det er jo til byd’n dei skal, spør Frøiland.

Advertisements

3 Comments

  1. Politikarane i Fjell har skaffa «eigarane» av Sartor senter (=Kystbyen) parkeringsmonopol. Dei første til å kjøpa p-plassar i i garasjen under byen er det offentlege med Hordaland Fylkeskommune og Fjell kommune i spissen. Det er berre så synd at den flottaste garasjen i kongeriket ikkje ligg nær bussterminalen. Det kan medføra at få finn det tenleg å bruka han og effekten blir deretter. I motsett fall, om mange likevel finn å vilja bruka han, vil trafikken gjennom senterområdet auka og gjera Straume til ein endå større trafikkpropp enn han er i dag. Det skulle ikkje vera lov å tena pengar på slikt, jamvel om politikarane har lagt til rette for det.

    Likar

  2. De må ikkje ødsla med penge og betale til kystbygarasjen når vi ikkje vil ha den. Det er ikkje på senteret vi skal. Vi skal på jobb i byen. Altfor langt fra bussen. Køen frå Kollveittunnelen må reduserast. Då ville bussane gått fortare innover. Nei. Kystbygarasjen skal vi ikkje betale for. Absolutt ikkje!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s