Skeptisk til trafikksikringstiltak

Utbetring av gamlevegen over Bildøy er største trafikksikringstiltaket i Fjell i år. Dei som bur langsmed vegen veit likevel ikkje heilt om dei tør sleppa gleda laus. Kor mange bilar risikerer dei eigentleg å få gjennom nabolaget? Og kva skal skje med fortsetjinga over Gamle Straumsbru mot Sartor Senter?

Gamlevegen over Bildøy er både smal og kronglete. Utviding av køyrebanen, og gang og sykkelsti, har lenge stått på ønskjelista.

Tiltaket er eit av dei største i Kommunedelplan for Trafikksikring 2012 – 2016, og kostnadsrekna til 20 millionar. No varslar kommunen oppstart av reguleringsarbeidet.

Gul midtstripe
Snart kan Bildemannen få gul midtstripe i gamlevegen frå krysset mot R555 og til Gamle Straumsbru. Køyrebanen på den 1200 meter lange vegen skal utvidast frå 3,5 til 6,5 meter. På innsida skal det lagast gang- og sykkelsti med breidde på 3,5 meter, kunne Therese Borgen i Samferdselsavdelinga i kommunen fortelja under dagens informasjonsmøte på Rådhuset.

Vegen skal i hovudsak følja dagens trase. Ingen hus står i fare for å rivast, noko fleire av uttrykte lettelse over.

Branndalsåsen?
Dei frammøtte var skeptisk til om gul midtstripe er tingen. Helst vil dei behalda fartshumpane og dagens fartsgrense på 30 og 40 kilometer i timen. Tanken på trafikkmengda i den oppgraderte vegen bekymrer:

I går var Bildemannen på informasjonmøte om Altus Eigedom si planlagte utbygging i Branndalsåsen. Området som skal telja eit 1000-tals nye bustadar, kan få vegutløysing til Gamlevegen og ikkje mot det nye Sotrasambandet, slik det tidlegare har vore sagt. Same signala vart gjeve under Statens vegkontor sin presentasjon av Sotrasambandet for Formannskapet mandag denne veka.

Ei ”løysing” kan i så fall fort auka trafikkmengda gjennom Bildøyvegen frå dagens 1.600 til oppimot 5.500 bilar i døgnet. Nei, Branndalsåsen må få direkte tilkomst frå det nye Sotrasambandet.

Tenkt heilhet! Begrens trafikken!
– Det er så mange planar, og dei vert presentert kvar for seg. Risikerer vi å få all trafikken til Branndalsåsen gjennom Bildøyvegen? Desse planane må sjåast i samanhang. Det er ikkje haldbart med ein slik stor trafikkauke, sa Henning Ekerhovd.

Bildemannen veit ikkje kva han skal tenkja.

Gamle Straumsbru
Det vedtekne trafikksikringstiltaket stoppar like før Gamle Straumsbru.

Ingmar Bildøy var ein av dei som tok opp fortsetjinga av Bildøyvegen opp mot Sartor Senter. Denne vegen er stygg å ferdast langs, men vert likevel mykje nytta av skuleungdom. Behovet for trafikksikring er minst like stort her.

– Ei utviding av Gamle Straumsbru må og sjåast i samanhang med behovet for trygg ferdsel for sjøfarande, sa Bildøy.

Tidleg innspel
– Dette er eit tidleg planforslag. Naboar og grunneigarar skal få høve til å koma med innspel før første planutkastet vert laga, informerte innleigd plankonsulent Terje Vikestrand i Plan Vest.

Fristen for innspel til oppstartmeldinga er kort – 29. april. Samferdselavdelinga håpar å ha ein plan klar for høyring like over ferien.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s