Ta heile Nordre Fjell i bruk!

Eit nettverk av idrettsanlegg og friluftsområde spreidd ut over heile Nordre Fjell, bundne saman av gang- og sykkelstiar. Det er den langsiktige visjonen Nordre Fjell Allianse IL håpar å få politisk aksept for i reguleringsplanen for Ågotnes Sentrum.

– Unge som ikkje spelar fotball bør og ha eit fritidstilbod, seier John Egil Sørensen, styreleiar i Nordre Fjell Allianse IL.

visjonsmøtet for Ågotnes tidlegare denne veka nytta idrettslaget høvet til å fortelja kva fritidstilbod dei ser for seg at dei framtidige innbyggjarane i Nordre Fjell skal få.

Idrettslaget er godt i gang med planlegginga av korleis skuleområdet i Tranevågen kan vidareutviklast med basishall og spesialområde avsett til ulike typar aktivitetar som BMX-sykling. Lokale til ein ungdomsklubb og øvingslokale for lokale band bør det også verta råd med innanfor grensene til grøntområdet på den noverande skuletomten.

Grønt preg
Det grøne preget skal takast vare på. Basishallen, garderobeanlegget og dei andre aktivitetane skal knytast saman med gang- og sykkelstiar.

I samband med arbeidet med ny arealplan i Fjell har idrettslaget spelt inn same tanken, berre i større målestokk. Heile Nordre Fjell bør takast i bruk!

Sykkelvelodrom?
No ønskjer idrettslaget politikarane si velsigning til prinsippet. Samstundes spør dei seg kva typar anlegg og friluftsområde som bør verta knytta opp mot eit slikt nettverk?

– Sykkel-VM i Bergen har opna opp for tanken om få lagt ein regional sykkelvelodrom til Ågotnes. Den kan like gjerne ligga her som ein annan stad i fylket, seier konsulent Even Akerø i Akons AS.

Tank langsiktig

– Ikkje alle anlegga kan eller bør liggja ved skulen. Kva finn vi tomtar til dei? Vi bør helst tenkja 50 år fram i tid, slik at visjonen kan ivaretakast etterkvart som området vert meir utbygd, held Akerø fram.

Prinsippskisse
På møtet presenterte Akerø ei prinsippskisse for korleis det kan gjerast. Skissa er ikkje endeleg. Verken talet på anlegg eller plassering er avgjort. Ingen grunneigarar har grunn til å studera kartet med lupe på leit etter eigedomsgrenser, understrekar han.

Hamrehaugen
Nordre Fjell Alliansen er alt i dialog med Vindenes Eigedom om kjøp av Hamrehaugen til ny fotballstadion, fortel Sørensen.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s