Hordalendingane vil ta båten

teisten
Teisten på veg inn mot Kleppestø. Foto: Liv Strømme

Hordalendingane er lei av å stå i bilkø. Kan vi ta båten i staden, ja, så gjer vi det. Heile 232.000 fleire hordalendingar valde å reisa med snøggbåt i fjor, samanlikna med året før.

Det er Hordaland fylkeskommune som har ansvaret for kollektivtrafikken i fylket. Medan auken i talet på kollektivreisande i heile fylket var på 3,2 prosent i 2014, bokstaveleg talt eksploderte talet på reisande med snøggbåtane. Her var auken på formidable 34 prosent, ifølgje den rykande ferske årsmeldinga til Hordaland fylkeskommune.

Bergensområdet
Knapt halvparten av alle båtreisene skjer i Bergensområdet. Etableringa av den nye snøggbåtruta mellom Knarvik, Frekhaug og Bergen vart godt motteken. Det nye sambandet kan visa til 84.500 reisande første driftsåret.

For sambandet Kleppestø – Bergen auka talet på passasjerar til 334.000 – ein auke på 11 prosent.

Auke i heile fylket

Omlegginga av båtrutene i Sunnhordland vart og godt motteke hos dei reisande. For fylket sett under eitt auka talet på båtpassasjerar frå 680.000 til 912.000 i fjor.

Skeivt kostnadsbilete
Kvar snøggbåtpassasjer kosta i snitt fylkeskommunen 191 kroner. Det er tilsynelatande langt meir enn kva fylkeskommunen subsidierer andre reisande med. Men i dette reknestykket er kostnadane med bygging og drift av bybanen og fylkesvegane haldne utanfor. Hadde fylkeskommunen i staden nytta ein kostnadsmodell som fordeler anleggs- og driftskostnadane per vegkilometer per passasjer med buss eller bane, ville det ha gjeve eit meir reellt samanlikningsgrunnlag.

Les meir:
Straumsundet bør gjennopnast som farlei

Dagens sleivspark: Kill your Darlings

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.