Strippa modellen

Økonomiprofessor Victor Norman ved NHH har avkledd den nordiske velferdsmodellen.

Victor-Norman_Joakim-Bratlie_11(Foto: Joakim Bratlie – K7)

Offisiell lærdom tilseier at den nordiske velferdsmodellen vaks fram saman med det svenske Folkhemmet i mellomkrigstida, og at det markerer starten på ein ny økonomisk tidsalder i dei nordiske landa, fortalte Normann deltakarane på Holbergseminaret 2015.

På startstreken
Vi må heilt attende til 1840-talet for å finna kimen til dagens velstand, meinar Norman. Då byrja levestandarden i dei nordiske landa å stiga raskare enn i andre europeiske land. I perioden 1870 – 1914 vart brutto nasjonalprodukt (BNP) per timeverk i industrien i Norden dobla. I Storbritannia, som då var på høgda av si makt som imperium, vaks BNP berre med 50 prosent. Tyskland var ikkje stort betre, og i landa kring Middelhavet var veksten beskjeden.

Fredrik Stang, jurist, forkjempar for demokrati og openhet, og Norge sin første statsminister, saman med Grundtvig, presten bak folkehøgskuletanken, er personar som bør framhevast for å ha medverka til dette tidsskiljet i nordisk økonomi, meiner NHH-professoren.

Tre årsakar
Økonomiprofessoren meinar å sjå tre årsakar til at dei nordiske landa gjorde det så mykje betre enn resten av verda i desse åra:

Eit sterkt statleg engasjement i bygging av infrastruktur som vegar og jernbane. Den norske jernbaneutbygginga vart til dømes avslutta med fullføringa av Bergensbanen i 1909. Å få på plass eit landsdekkjande nettverk for telegrafi, gjekk raskare enn å få breiband ut til alle norske lokalsamfunn, hevdar Norman.

Utvandring til Amerika
Dei nordiske statane gjorde som kinesarane; dei satsa på folkeskulen – grunnleggjande opplæring til alle, slik at dei hadde føresetnad for å bidra i den gryande industrialiseringa.

Grensene var åpne. Varer og arbeidkraft vandra tilnærma fritt over landegrensene. At 800.000 nordmenn som ikkje fekk arbeid, eller som søkte betre levekår for seg og sine, utvandra til Amerika, hjalp truleg mykje på levekåra til dei som vart att.

Lik alle andre
Normann samanlikna hovudtrekka i perioden 1870 – 1914, med tre seinare periodar; mellomkrigstida, etterkrigstida, og åra 1980 – 2015. Veksten i BNP varierte sterkt frå periode til periode, det same gjorde rammebetingelsane til næringslivet.

– Likhetstrekka periodane i mellom er vanskelege å få auga på. Det einaste som har skjedd, er at vi her i Norden har blitt lik alle andre, hevda Norman.

Likhet, velferd og medverknad
Avhengig av kven du snakkar med, vil du kunna få presentert tre ulike modellar for kva som kjenneteiknar den nordiske velferdsstaten.

Ein økonom som Kalle Moene vil peika på likhet, velferd og medverknad for alle. Redusert frykt for jobb og tap av inntekt har gjort det lettare å få aksept for endringar internt i organisasjonane, noko som har fremma produktiviteten og sikra vekst.

Baksida ved modellen er den massive utstøytinga frå arbeidslivet. I Norge går 550.000 personar i arbeidsfør alder på trygd.

– Med eit høgt lønsnivå skal du ikkje sakka så mykje på tempoet før du ikkje lenger kan forsvara å motta marknadsløn, sa Norman.

Hovedavtalen
Spør du statsvitaren Frank Aarebrot, vil han fremma erkjent interessefelleskap mellom bedriftseigarar og arbeidstakarar. Hovedavtalen er bekreftinga på at i ein sosialdemokratisk stat vil kapitalen vera nøydd til å samarbeida.

Modellen forklarar likevel ikkje det nordiske skatteparadokset: Kapital og formue vert skattlagt langt mildare enn lønsinntekt, og langt lågare enn kva som er tilfelle til dømes i USA. Noko Thomas Piketty meinar å ha vist fører til auka sosiale skilnadar.

Hovedavtalen er ein god løysing for industrisamfunnet, for å letta intern omstilling i bransjar, men han er systembevarande, og gjev motstand mot å endra strukturar, åtvara NHH-professoren.

Åpenhet og tilpassingsevne
Den svenske nasjonalsøkonomen Asser Lindbeck har bidrege sterkt til den tredje modellen, som Normann kallar åpenhet og tilpassingsevne.

– Det finst ikkje nokon nordisk modell. Om vi ser på dei fire periodane frå 1870 og fram til i dag, er pragmatisk tilpassingsevne einaste særtrekket vi kan sjå, hevda Norman.

Evne til å snu seg

Dei nordiske landa er små, åpne og utsette for allverdas ytre sjokk. Vi er tvungne til å vera tilpassningsdyktige, argumenterer Norman.

– Kan hende den nordiske modellen eigentleg er eit omgrep for evne til å snu seg?

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s