Veidekke vrakar Kystbygarasjen

Naboane til Straume Sjøfront må gjennom ein ny runde med sprengjingsarbeid. Denne gongen for å få plass til ein parkeringshall i fjell med plass til 350 bilar. Veidekke vrakar Kystbygarasjen.

Dette vart klart då Veidekke i dag inviterte naboar og andre til informasjonsmøte om Straume Sjøfront.

Kystbygarasjen?
– Vi har vurdert å nytta Kystbygarasjen, men reguleringsplanen tilseier at vi lagar eige parkeringsanlegg. Det er 300 meter å gå, og det vurderer vi å vera for langt. Kanhende vi vel å redusera vårt eige anlegg og leggja gjesteparkeringa dit, sa prosjektleiar Charles Hazell i Veidekke som etter beste evne freista å fortelja engstelege naboar kva dei har i vente.


For heile Straume

– Dette er ein parkeringsplass for alle, ikkje berre dei som skal handle på Sartor. Folk som bur i sentrum, gjester, heile Sotra kystby kan bruke anlegget når det måtte passe, sa direktør Thomas Skålnes på Sartor Storsenter til vnr.no då Kystbygarasjen opna i november i fjor.

Veidekke stod for utbygginga av Kystbygarasjen i samarbeid med Sartor Holding. I dag er Sartor Holding eineeigar av garasjeanlegget med 1.500 plassar.

Veldig trafikkauke
I steden skal bebuarane på Sjøfronten få tilkomst gjennom Bildøyvegen mot Straume Sentrum. Det kjører i dag 1.600 bilar gjennom den smale og fortauslause vegen i løpet av ein dag, i følgje trafikkteljingane til Fjell kommune.

Når det kontroversielle bustadområdet står ferdig, kan naboane til vegen venta ein veldig trafikkauka. Om vi reknar i snitt 2,5 turar dagleg per bil, tilseier det ein dagleg trafikkauke i vegen på over 50 prosent.

Rekkefølgekrav i utbyggingsavtalen?

Ifølgje reguleringsplanen skal Bildøyvegen utvidast med fortau frå Gamle Straumsbru og opp mot Ankerhagen. Dette tiltaket er det imidlertid Fjell kommune som står ansvarleg for, ifølgje Hazell.

– Veidekke reknar med at bygginga av fortauet vil verta eit av rekkefølgekrava i utbyggingsavtalen vi no skal forhandla fram med Fjell kommune, sa Hazell.

Endra reguleringsplanen
Reguleringsplanen for Straume Sjøfront er forlengst vedteken. No vil utbyggjar endra planen.

Eit tiltak som var fullstendig uråd å få til for å betra tryggleiken for sjøfarande i Straumsundet, later til å vera heilt kurant når utbyggjar sjølv ønskjer å endra plasseringa av eit underjordisk parkeringsanlegg.

Det vert også lagt opp til å gjera den underjordiske tunnelen opp mot Kystbygarasen til gang- og sykkelveg.

Veidekke ønskjer og å justera på høgda på einskilde av blokkene.

Rører ikkje Gamle Straumsbru
Gamle Straumsbru er innanfor grensa til planområdet, men her har verken Veidekke eller Fjell kommune konkrete planer, ifølgje Hazell.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s