Veten

Med strålande helgever i vente, er det berre å setja av tid til uteaktivitetar. Ein tur til Veten i Sund vert det tid til innimellom hagearbeid og båtpuss.

20150428_veten
Veten 284 meter over havet – toppturen i Sund.

Med sine 284 meter er Veten høgaste toppen i Sund. Sjølve Veten – den høge steinvarden på toppen – er minnesmerkje over Håkon den gode sitt landvern frå midten av 900-talet. Her vart det halde vardevakt og tent bål for å varsla dersom nokon kom med ufred til langt utpå 1800-talet.

Fleire ruter
Kor lang og krevjande turen vert, avheng mellom anna av kvar du vel å starta.

Denne hellelagte stien er resultat av dugnadsinnsatsen til Sund Turlag.
Denne hellelagte stien er resultat av dugnadsinnsatsen til Sund Turlag.

Vel du å parkera ved Stranda skule, får du med deg den lengste ruta. Hageentusiastar vil legga merke til at første delen av stien er kransa av lerkeskog. Seianre passere du Fadrabordet og minnesmerket over Catalinaflyet som havarerte i fjellveggen på Veten 6. september 1948. 13 av mannskapet på 15 omkom.

Dugnadsinnsats

Ei kortare, men brattare rute startar på Førde. Første delen går gjennom velstelte tun. Før sjølve stigninga kan du gleda deg over å gå på ein hellelagt sti gjennom frodig bjørkeskog. Ettersom du kjem oppover i lia, vert det lengre mellom trea. Snart har du fri sikt over mot Lerøy og Hjellestad.

Utsikt mot Lerøy og Hardanger.
Utsikt mot Lerøy og Hardanger.

Sund Turlag, med tidlegare ordførar, no stortingsrepresentant Ova Trellevik i spissen, har gjort ein fantastisk dugnadsinnsats for gjera denne ruta farbar i allslags føre.

Det går og ei rute til Veten opp frå Kleppe.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.