Eigedomsal i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy

EigedomssalEigedomsmarknaden i region vest er brennheit. Berre i april vart det omsett bustadar, tomtar, hytter og burettsleilighet for ein halv milliard kroner, viser ferske tal frå Statens Kartverk.

Lurer du på kva eigedomar som vert selde her i region vest? Tunnelsyn kan no bringa ein oppdatert oversikt over alle eigedomar og burettsleilighetar som vart selde i april.

Askøy
Askøy toppar omsetningsstatistikken for dei fire kommunane i region vest. 103 eigedomar til ein samla verdi av 259 millionar kroner vart selde eller overdregne i kommunen siste månaden. Snittpris for dei selde eigedomane var 3.364.141 kroner. Høgaste pris for bustad oppnådde Furehaugen 35, med 7,9 millionar kroner.

Fjell
I Fjell går eigedomane noko saktare unna. 94 eigedomar vart selde eller overdregne. Samla salssum var 176 millionar kroner, noko som gav ein snittpris per bustad på 2.671.197 kroner. Bodrunden for Krokavegen 61 endte på 4,7 millionar.

Sund
Dei ubygde tomtane går unna i Sund. Dette drog ned snittprisen på dei selde eigedomane til 1.259.293. Samla omsetningsverdi på dei 31 tinglyste eigedomane var 31,5 millionar.

Øygarden
I kommunen norst på Sotra vart det seld eller overdrege 24 eigedomar til ein samla verdi av 27 millionar kroner. Snittprisen for dei selde eigedomane var på 1.418.579 kroner.

Sjå alle eigedomsoverdragingane i interaktivt kart.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s