Dagens sleivspark: Gravejournalistikk

Dag FolkestadAskøy kommune ønskjer tydelegvis ro kring utnevninga av ny rådmann. Samstundes er kommunen pålagt å offentleggjera søkjarane på stillinga. To motstridande interesser som er interssante å studera frå eit kommunikasjonsfagleg standpunkt.

Informasjon om søkjarlista, kor mange som har søkt og kven dei er, finn vi langt nede på kommunen sine heimesider. Dette trass i at saka vart lagt ut i går. Saka er ikkje lagt ut i samsvar med rekkjefølga den datoen ho vart publisert. Den «redaksjonelle» omtalen er dessutan full av feil, samanlikna med den utlagte søkjarlista.

For å hindra innsyn gjennom tilfeldige Google-søk, har dokumentet for sikkerhets skuld fått tittelen «rådmann Vadsø kommune».

Askøy kommune tilsette nyleg Dag Folkestad som ny kommunikasjons- og næringssjef. Ein organisasjon får dei tilsette han fortenar. Når ein organisasjon tilset Derrick sin tidlegare gartnar, som informasjonsansvarleg, ja, då er det eit signal til media og innbyggjarar om at organisajonen legg opp til gravejournalistikk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s