Bustadstiftinga klarar ikkje dekka behovet

Ketil Strand
Dagleg leiar Ketil Strand i Fjell Bustadstifting konkurrerer om dei kommunale tomtane.

Fjell kommune sitt vedtak om å ta mot 116 flyktningar i år og neste år representerer ei ekstra utfordring for Fjell Bustadstifiting. Med 80 søkjarar til 21 nye kommunale utleigebustadar i år, er Bustadstiftinga langt frå å dekka behovet som det er. Dagleg leiar Ketil Strand ønskjer private aktørar velkomne i marknaden.

Dei som har lese Kommunedelplan for bustadutvikling 2013 – 2020, veit at det er eit stort udekka behov for utleigebustadar for økonomisk og sosial vanskelegstilte i Fjell. På landsbasis reknar ein at fem prosent av innbyggjarane treng kommunal bistand til å finna ein stad å bu. I Fjell har dei rekna ut at vi treng oppimot 100 nye kommunale utleigebustadar innan 2020.

Stabile leigetakarar
Bustadstiftinga byggjer årleg eit tjugetals nye bustadar kringom i kommunen, fordelt på fire til seks ulike prosjekt. Ved utgangen av året reknar dagleg leiar Ketil Strand med å disponera totalt 219 utleigebustadar.

Flyktningar er ei gruppe Bustadstiftinga er forplikta til å hjelpa, utan at dei har påteke seg å setja av eit fast tal bustadar til denne gruppa. I år vil halvparten av dei 21 nye bustadane som står ferdig verta leigd ut til nye landsmenn.

Få avslag
Dei fleste bustadane har stabile leigetakarar. Ei årleg utskifting på berre 20 prosent representerer ei utfordring for Bustadstiftinga. Strand hadde gjerne sett at dei kunne dekka behovet til langt fleire:

– Dei færraste som søkjer husvære gjennom oss får avslag. Sjølv om ikkje alle har like stort behov, vil det alltid vera eit gap mellom tilbod og etterspørsel som vi ikkje klarar dekka, konstaterer Strand.

– Med dagens utbyggingstakt, kan storparten av behovet, slik vi ser det i dag, vera dekka innan 2020, seier Strand.

Ikkje framleige
Framleige av bustadar frå den private marknaden er ei løysing Bustadstiftinga har vurdert, men som dei har gått vekk frå. Leige for å eiga, ei ordning der kommunen inngår langsiktige leigeavtalar med private aktørar, har og vore vurdert, utan at dei har funne noko eigna prosjekt.

– Dei privat kan nok avhjelpa den totale marknaden, men Fjell Bustadstifting har så langt valt å byggja sjølv, seier Strand.

Private aktørar
Utfordringa er tilgang til eigna prosjekt som tilfredstiller Husbanken sine krav til tilskot. Både byggje- og tomtekostnadar har eskalert veldig siste åra. Bustadstiftinga konkurrerer om å kjøpa kommunen sine tomtar. Nye tekniske krav har og bidrege til å skru opp prisane.

– Det er ei utfordring for Fjell kommune at det ikkje er nok tilbydarar i marknaden. Private aktørar er hjertleg velkomne. Fjell Bustadstifting treng ikkje ha krontroll på alt, seier Strand.

Toler ikkje husleigeauke
Fjell Bustadstifting opererer innanfor finansielle rammer som set grenser for utbyggingsaktiviteten. Organisasjonen kan rekna med 20 prosent tilskot til nye prosjekt frå Husbanken, gitt at prosjektet tilfredsstiller krava.

Bustadstiftinga skal vera sjølvfinansierande. Leigeinntektene skal dekka dei faktiske kostnadane. Med tanke på leigetakarane sin økonomiske situasjon, er det grenser for kor høge husleigekostnadar dei toler. Sjølv for dei som har høve til å søkja om bustøtte, er det snakk om små summar. Avhengig av inntektsnivå og storleiken på husstanden, kan det i beste fall dreia seg om 2.000 – 3.000 kroner månaden.

Høge rentekostnadar
Den hektiske byggjeaktiviteten gjer at Bustadstiftinga har opparbeida stor gjeld. Ved utgangen av 2013 utgjorde gjelda 341 millionar kroner, eller 14 gongar eigenkapitalen. Siste årets investeringar på kring 5o millionar kjem på toppen. Det er på grensa av kva Bustadstiftinga kan tola. Sjølv med dagens låge rentenivå utgjer renteutgiftene tredjedelen av stiftinga sine samla utgifter, seier Strand.

I fjor fekk Fjell Bustadstifting eit overskot på 2,8 millionar, av ei samla inntekt på 43 millionar kroner. Det skal ikkje store rentehevinga til før rekneskapen går i raudt.

Rein utleige
Fjell Bustadstifting driv rein utleigeverksemd. Dei har ansvaret for å byggja og leiga ut bustadar til folk som elles ville ha stått utanfor på bustadmarknaden. Leigetakarane klarar seg sjølv i stor grad.

Omsorgsbustadane for eldre, funksjonshemma og dei sokalla ROP-bustadane er det helse- og omsorgsavdelinga i kommunen som disponerer. Ei arbeidsdeling som kan hende ikkje alle har klart for seg.

– Med dagens regelverk er dette ei todeling som fungerer greit, seier Strand.

Les også: Kommunen redda bustadprosjekt

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s