Frigjeringsjubileet: Den store fedrelandskrigen

moskva_soldatarPutin sin tiltakande nasjonalistiske retorikk gjer det lett å gløyma at Sovjetunionen var det landet som leid dei aller største tapa under 2. verdskrigen. I ”Moskva 1941 – en by i krig” skildrar Rodric Brathwaite redslar med ein detaljrikdom som er vanskelege å ta inn over seg.

Statsminister Erna Solberg har takka nei til å vera tilstade i Moskva 9. mai under markeringa av 70-årsjubileet for sigeren over Nazi-Tyskland.

Nordmenn har ein tendens til å tenkja på 2. verdskrigen som ”vår” krig. Trass i alle redslane foreldregenerasjonen vår gjennomgjekk, er det likevel eit faktum at Norge som nasjon slapp relativt billig unna.

«Moskva 1941» er forteljinga og forståinga Solberg hadde fått med seg, hadde ho vald å sjå på det Norge og Russland har til felles, framfor å markera skilnadane.

Personlege historiar
Krigshendingane dannar bakteppe for historiane som utspelar seg i ”Moskva 1941”, for dette er ikkje berre ein historie. Brathwaithe flettar saman dei store, kjende linjene – slaga, armeane og dei strategiske vurderingane som vart gjort i Kreml – med eit vell av detaljar om einskildpersonar i alle lag av der russiske folket.

Jelena Sakharova var ung student i 1941. Vi føl henne gjennom heile krigen. Det same gjer vi med Stalin sin nære ven, den anerkjende generalen og seinare marskalk Semjon Timosjenko. Andre personar får vi berre så vidt helsa på. Bratwhaite auser av eit utal av private og offentlege kjelder; personlege brev, memoarane til meir elle mindre kjende personar og offentlege arkiv.

Ikkje førebudd
Boka startar med klassekrigen og dei omfattande utreinskingane på 1930-talet. NKVD hadde sine angjevarar overalt, og millionar av russerar vart drepne. Hitler sitt angreip Sovjetunionen 22. juni 1941 markerte likevel starten på eit anna og langt meir valdeleg kapittel i den russiske historien.

Stalin hadde stolt blindt på ikkje-angrepspakta, ignorert alle åtvaringane og var ikkje førebudd på krig. Då invasjonen var eit faktum søkte han tilflukt på datsjaen sin i forvissing om at han ville verta avsett og kan hende skoten, fortel Brathwaite.

Evakuering og sveltihel
I november stod dei tyske troppane mindre enn 200 kilometer frå Moskva, og Stalin sette i verk ei omfattande evakuering av byen. Fabrikkar vart nedlagt, maskiner og arbeidarar frakta med tog i vekesvis under primitive tilhøve til tryggleik bak Ural-fjella.

Matlagera vart sendt avgarde saman med dei evakuerte. For dei som vart att i byen venta tvangsutskriving til graving av skyttergraver utanfor by og tilnærma sveltihel. Mange omkom under dei hyppige flyangrepa, men innimellom gjekk dei på teater eller konsertar. Sergej Prokofjev sin 5. symfoni vart til under dette infernoet.

Statistikk
Eit grovt anslag tilseier at nær ni millionar sovjetiske soldatar og 17 millionar sovjetiske sivile omkom under krigen. Dei angripande tyskarane mista til samanlikning ”berre” fire millionar soldatar i kamp mot russarane eller i sovjetisk fangenskap.

Ei rettare biletet får vi når vi samanliknar tapa for alle dei krigførande nasjonane: For kvar brite eller amerikanar som falt, mista japanarane sju menneskjer, tyskarane 20 og sovjetarane 85, ifølgje Brathwaite.

Ukjent historie
Etter sigrane i vest hadde tyskarane fått smaken på blitz-krieg. Overmotige hadde dei rekna med å vera i Moskva før jul, og var ikkje utrusta for vinterkrig. Dei var heller ikkje førebudde på å sitja fast i eit gjørmehav, med milelange, utsette jernbaneliner som einaste kjelde til forsyningar av mat, ammunisjon og varme vinterklede.

Dei menneskjelege redslane under den årelange blokaden av Leningrad har vore mykje omskrivne. Slaget om Stalingrad i 1943 og dei nær 2 millionane som omkom i kamphandlingane der er anerkjent som hendinga som snudde krigslukka i dei allierte sin favør. Russarane sin innmarsj i Berlin vart starten på eit nytt kapittel i historia. Først etter at jarnteppet fall har Moskva sine lidingar vorte kjende i Vest-Europa.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s