Send bilane under bakken!

Biltrafikken til det planlagt parkeringsanlegget til Straume Sjøfront bør køyra gjennom tunnelen som er utsprengt frå Kystbygarasjen til sjøfronten.

Det er Innbyggjarinitiativet Bevar Straume som føreslår dette i eit innspel til Veidekke si endring av reguleringsplanen for sjøfronten.

Dårleg løysing
Bevar Straume har lita tru på Veidekke sitt foreslag om å nytta den underjordiske tunnelen som gang- og sykkelveg. Erfaringane frå mellom anna Danmarksplass tilseier at folk vil vera engstelege for å ferdast i ein slik lang underjordisk gangtunnel.

Reduser gjennomgangstrafikken
Flest mogeleg bilar bør sendast under bakken, slik at fotgjengarane kan ferdast sutalaust gjennom sentrum.

Trafikksituasjonen i Straume Sentrum tilseier at alle tiltak som kan bidra til å redusera trafikkgjennomkøyringa bør vurderast.

Nytt parkeringsanlegg
Reguleringsplanen tilseier at det skal sprengjast eit nytt parkeringsanlegg med 350 plassar i tilknyting til blokkene ved Straumsundet. Tilkomst skal skje via Bildøyvegen. Eit tiltak som vil auka den daglege trafikkmengda i vegen med over 50 prosent, samanlikna med dagens 1.650 bilar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s