Friområde på billigsal

Fjell kommune har tileigna seg eitt mål i strandsona på Straume for 30.000 kroner. Området ligg i tilknyting til friluftsområdet i Geitevikja.

Området ligg mellom næringsparken og eit bustadhus i nordenden av Geitevikja, framkjem det av saka som vart behandla i Komite for finans og forvaltning i dag.

Kjøpet vart vedteke med ti mot ei røyst.

Det vart samstundes vedteke at kommunen skal kjøpa eit ti mål stort område i tilknyting til friområdet. Her skal grunneigarane ha akseptert ein salssum på 600.000 kroner, ifølgje innstillinga til KFF. Begge områda skal administrerast av BOF.

Forskjell på folk
Det er svært lenge sidan grunneigarane på Straume opplevde slike tomteprisar. Prisen står i grell kontrast til dei 26 millionane Fjell kommune betalte for nokre få mål med stein, asfalt og nokre visne furuer i tilknyting til Sartor Senter like før årskiftet.

Føremålet med kommunen sitt kjøp er det same i begge tilfella.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s