Investerer 150 millioner i Knarrevik

Norsk Gjenvinning sine planar for avfallshandteringa i Knarrevik har fått Sigba Eiendom til å ta fram sjekkheftet. 150 millionar kroner planlegg dei å investera dei komande tre – fire åra for å rusta opp tomten til den tidlegare sildoljefabrikken.

Dagleg leiar Ina Bastiansen i Sigba Eiendom AS er lite glad for det dårlege omdømet industriområdet i Knarrevik har hos Sotrafolk flest. Området som oldefar hennar kjøpte tidleg på 1930-talet fortenar betre.

Interessant å satsa
Når området har fått forfalla i fleire tiår, har det samanhang med leigetakarane. Først no når Norsk Gjenvinning har fått nye eigarar med ønskje om å satsa, vert det interessant å rusta opp anlegget, fortalte ho medlemmane i Komite for Plan og Utvikling i dag.

Nytt produksjonsbygg
I første omgang investerer eigedomsselskapet 70 millioner kroner i nytt produksjonsbygg til Norsk Gjenvinning AS. Kaifrontane skal også rustast opp, til ein samla kostnad på 22 millionar.

I 2018 skal det nye produksjonsbygget til Franzefoss AS stå ferdig, men før det skal Sigba Eiendom ha innvigd det nye administrasjonsbyggt sitt.

Avfall er løysinga!
– Det finst ikkje lenger søppel. Avfall er løysinga på morgondagens ressursproblem, sa strategiansvarleg Hans Fredrik Wittusen i Norsk Gjenvinning AS. Verksemda har planar om å modernisera den norske avfallsbransjen. Anlegget i Knarrevik står sentralt i planane deira.

60.000 tonn
60.000 tonn avfall planlegg Norsk Gjenvinning å handtera i Knarrevik neste år. Til det treng dei eit moderne anlegg med trygge arbeidsplassar.

– Vi treng lokale løysingar på globale problem. Avfallsmengda veks eksponentielt ettersom den globale middelklassen veks. Samstundes er det grenser for kor store råvareressursar som finst att her på jorda, sa Wittusen.

Dårleg erfaring
– Dette høres positivt ut, men det skjer mykje i Knarrevik som politikarane ikkje har vore informert om. Eg tenkjer på lukt og støy frå asfaltverket, attfyllinga av Mustadvatnet og rivinga av den fine gamle direktørvillaen, sa Svein Lie (Ap) som sjølv er frå Knarrevik og som har sett med sorg på det gradvise forfallet gjennom fleire tiår.

Arbeidarpartirepresentanten ønskjer å sjå heilskapleg på Knarrevikbygda, og tok til orde for at KPU bør dra på synfaring og få informasjon om planane på staden.

One thought on “Investerer 150 millioner i Knarrevik

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.