Einebustadane sin talsmann

Kjell Rune Garlid
Kjell Rune Garlid med Ågotnes Helsehus i bakgrunnen.

Bustadpolitikken i Fjell fremmar interessene til dei store nasjonale utbyggjarane på bekostning av dei små lokale, hevdar Kjell Rune Garlid, dagleg leiar i Sotra Trelast og kommunestyrepresentant for Sotra Lista.

Leiande roller i åtte ulike selskap med ein samla omsetning kring 90 millionar kroner og solide marginar i 2013 tilseier at Kjell Rune Garlid er ein av dei større lokale utbyggingsaktørane i Fjell. Saman med broren Bjørnar er han ein sentral aktør i utviklinga på Ågotnes.

Saman med Johannes Kobbeltvedt (Sp) og Svein Bergh (Sotra Lista) vart han sparka ut av arbeidet med ny arealplan i Fjell, med grunngjeving om at dei var inhabile. Sjølv nektar Garlid hardnakka. Det er broren som byggjer hus, sjølv leverar han berre materialane, hevdar han.

Gangavstand til ”alt”
Ferdigstillinga av det første kvartalet på Ågotnes er det som opptek han akkurat no. Ågotnes Helsehus har han vore med på å byggja, tomten til blokka som er under bygging har familien seld til utbyggjar:

– Når kvartalet er ferdig, vert det 80 leilighetar med gangavstand til butikk, lege, apotek, kiropraktor og til buss med avgang til Bergen kvar halvtime. Eldre kan ta seg fram overalt, sjølv med rullator, reklamerer han.

Talsmann
For mange tør Garlid vera betre kjent som ein av einebustadane sine mest heilhjarta talsmenn, og som ein pådrivar for utbygging i bygdene.

– Det er ein myte at folk helst vil bu i blokkleillighet og rekkehus. Det er gjerne det dei endar opp med når marknaden ikkje kan tilby nok rimelege einebustadar, hevdar Garlid.

Mørketal
Ti prosent av alle utlyste bustadar i Hordaland finn vi i Fjell. Det er langt fleire enn folketalet skulle tilseia, og langt fleire enn i andre kommunar. Du meinar det er store mørketal i marknaden?

– Mange nybygg vert aldri annonsert. Ut frå det eg kjenner til, vil eg tru det til eikvar tid er 30 – 50 bustadar til sals som ikkje er annonsert. Sjølv selde vi nett 16 bustadar på Skålevik utan ei einaste annonse, seier han.

Vert det bygd for mange bustadar i Fjell?
– Einebustadane fer med ein gong. Det vert bygd for få av dei. Bygging av blokker stoppar av seg sjølv om dei ikkje får nok kjøparar. Utviklinga her på Ågotnes og i Straume får ikkje stoppa utviklinga i bygdene. Det er viktig at folk får bu der i kommunen dei sjølv ønskjer. Det vert feil av politikarane å styra utbygginga – alle stadar i Fjell er sentrumsnære, seier han.

Utkastet til ny arealplan legg opp til planlegging av mange fleire nye bustadar enn det dei offisielle folketalsprognosene tilseier. Kven tenar på det?

– Tomteprisane no er forhaldsvis høge. Di fleire tomtar, dess større konkurranse og dess lågare pris. I bygdene er tomteprisen lågare enn på Ågotnes og Straume. Å byggja spreidt er noko huskjøparane vil tena på, hevdar den daglege leiaren i Sotra Trelast AS.

Bustadmeldinga og folketalsprognosene tilseier at behovet for små husvære for einslege vil auka. Kan vi byggja rimelegare?

– Vi må ha mange typar bustadar. Marknaden avgjer kva som vert seld. Byggjer vi små einingar i klynger, vil vi kunna få ned prisen.

Private utleigebustadar
Fjell manglar utleigebustadar, i følgje Bustadmeldinga. I staden for å byggja blokker bør vi stilla krav om utleigebustadar i private bustadar. Til dømes at ein viss andel av einebustadane i eit nytt felt må ha utleigebustad. Slik når ein målsetjinga om å spre utleigebustadane i heile kommunen, og ungdomen i bygda slepp flytta vekk, seier han.

Ein hybel gjev dessutan eit godt bidrag til nedbetalinga av huslånet, samstundes som det vert lettare å få lån. Sjølv hadde Garlid ikkje hatt råd til å byggja sin første bustad utan inntektene frå ein utleigebustad, hevdar han.

– Betong er dyrt. Valet av byggjemateriale inneber at ein einebustad er ofte rimelegare enn ein blokkleilighet per kvadratmeter golvflate. Mange kan få tomten gratis hos familien. For dei vert det enno dyrare om dei i staden må kjøpa ein leilighet i eit pressområde, argumenterer Garlid.

Kven tenar på den politikken Bustadmeldinga legg opp til?
– Bustadpolitikken i Fjell legg opp til færre og større prosjekt. Noko som reduserer konkurransen og bidreg til å fortrengja dei små lokale byggmeistrane og entrepenørane til fordel for dei store nasjonale utbyggjarane, slik vi ser det på Straume. Det er viktig å unngå situasjonar som minnar om monopol. Om ein stor nasjonal utbyggjar får eit prosjekt, dryp det lite på næringslivet på Sotra, har Garlid konstatert.

Fleire aktørar ser fram til ein ny boom i folkeveksten når det nye Sotrasambandet står ferdig. Kva tenkjer du om det?
– Det må skje ein vekst i talet på arbeidsplassar og. Alle kan ikkje jobba i by’dn. Vi er avhengig av det lokale næringslivet går godt. Vi kan ikkje leva av friområde og søndagsopne butikkar. Eit godt tilbod av einebustadar er truleg det som må til for å lokka folk ut av Bergen.

– Store prosjekt som JM i Blommen og Nordre Bildøy skal fyllast. Eg er skeptisk til framdrifta, men ikkje mot prosjekta. Folk må få bu der dei sjølv ønskjer. Vi veit enno ikkje kven som skal gjera jobben. Mykje talar for at det vert store aktørar som handlar på sentrale avtalar og som ikkje vil støtta opp om det lokale næringslivet.

Folkeveksten framover vil avhenga av utviklinga i den lokale arbeidsmarknaden. Eg trur dei fleste må tola ein nedgang nokre år, seier Garlid.

Du er ein leiande lokal aktør i det vi kan kalla for bustadeventyret i Fjell. Er det eit eventyr utan ende?
– Om eventyret skal halda fram, må nye og friske krefter ta over. Dei pågåande prosjekta vert ferdige. Vi byggjer i dag på tomtar vi kjøpte for mange år sidan. Tomteprisane no er heilt annleis. Vi leverer på pris, avsluttar Kjell Rune Garlid, dagleg leiar i Sotra Trelast AS.

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s