Facebook, stands og folkemøte i Sund

sund kommunevåpenSpørsmålet om kommunesamanslåing er så viktig at politikarane i Sund vil involvera innbyggjarane mest mogeleg i diskusjonen om den framtidige kommunestrukturen, vedtok formannskapet i dag.

Kva alternativ har vi, eigentleg? Skal Sund verta ein del av Bergen, skal vi slå oss saman med Fjell og Øygarden, eller… ?

Kva om?
Scenariene er mange. Går Sund vidare med ei samanslåing med Fjell, dersom Øygarden går i mot? Kva vil dei i Austevoll? Og korleis skal innbyggjarane i kommunen kunna vera sikre på at dei framleis får høve til å medverka i lokaldemokratiet i ein eventuell storkommune?

Enno er det tidleg i prosessen. Her er det klart at innbyggjarane i kommunen må få eit ord med i laget, er politikarane i Formannskapet i Sund samde om.

Ansikt-til-ansikt
Fredag 12. og laurdag 20. juni stiller politikarane på stands på Sund-senteret, Spilde-pollen og SparKjøp på Forland for å møta innbyggjarane ansikt-til-ansikt og høyra kva dei tenkjer om saka.

– Eitt av fleire tiltak for å få innbyggjarane i tale, understreka Beate Husa (KrF).

– Dette er starten på ein ny måte for politikarane i Sund å koma ut på, samstemte ordførar Kari-Anne Landro.

Mobilisering via Facebook
For å mobilisera flest mogeleg av innbyggjarane til å møta politikarane og seia kva dei meinar, vil politikarane ta i bruk Facebook. I fellesskap klarar ordføraren og dei seks medlemmane i Formannskapet å nå 80 prosent av dei nærmare 6.800 innbyggjarane i kommunen med ein mobiliseringsoppfordring, har rådmannen Stig Arne Thune rekna ut.

Ungdommen
Ei kommunesamanslåing vil få konsekvensar 20 – 30 år fram i tid. Å henta inn ungdomane sine synspunkt er difor høgt prioriterte.

– Unge stiller godt førebudde og har mange spørsmål. Å koma ut og møta dei er viktig, sa Beate Husa.

Nina Glesnes (Ap) meinte at både ungdomskulen og vidaregåande skule bør kunna ta opp temaet som ein del av undervisninga utover hausten. Rådmannen fekk i oppdrag å kontakta skulane og freista utarbeida eit forslag til korleis det kan gjennomførast.
Innbyggjarane vil også verta invitert til folkemøte i Sundhallen i august, vedtok Formannskapet.
Dei sju medlemmane i formannskapet er også styringsgruppe for prosessen fram mot eit eventuelt vedtak i kommunestyret våren 2016. Dermed er det opp til dei i kor stor grad innbyggjarane i kommunen skal involverast.

Les også:

Vil snakka med Øygarden først

– Det viktigaste er at vi samarbeider

Følg med: Tunnelsyn føl opp med fleire saker frå Sund om kommunestrukturen.

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s