Vil snakka med Øygarden først

Politikarane i Formannskapet i Sund vil først avklara med sine kolleger i Øygarden kva dei tenkjer om ei eventuell kommunesamanslåing, før dei tek eit fellesmøte med Fjell i august.

Sund er ein lillebror i diskusjonen om ei eventuell kommunesamanslåing i Bergens-området. Det gjeld anten dei vert ein del av eit Fjell – Øygarden samarbeid, eller om dei inngår ein allianse med Bergen og eindel av dei øvrige kommunane kring nest største byen i landet.

Lillebror
Korleis ivareta eigne interesser i den pågåande prosessen, spør politikarane i Formannskapet i Sund seg sjølv.

Øygarden er mykje i same situasjon. Det er difor naturleg å samrå seg med dei først, før dei snakkar med andre, vedtok Formannskapet i dag.

Bergensalliansen
Prioriteringane på dei eksterne politiske samtalane vart vedteken etter at kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen og Richard Taule, dagleg leiar i Bergensalliansen og Bergen +11, hadde kome med ei orientering om korleis Bergen ser for seg ei eventuelt framtidig kommunesamanslåing.

Les også:

Facebook, stands og folkemøte i Sund

– Det viktigaste er at vi samarbeider

Føl med: Tunnelsyn kjem tilbake med fleire sake frå Formannskapet i Sund.

 

 

 

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s