– Det viktigaste er at vi samarbeider

Robert Rastad
Sund og Bergen samarbeider på mange område alt i dag, sa kommunalråd Robert Rastad i Bergen.

Bergen kommune er ikkje framand for å ta opp att ordninga med bydelsutval, dersom det er det som skal til for å få til ein storkommune med 384.000 innbyggjarar. Vel nokon kommunar å stå utanfor, vil det å få til fungerande samarbeid på sentrale område vera det viktigaste.

Dette var kommunalråd Robert Rastad i Bergen kommune sitt hovudbudskap då han orienterte Formannskapet i Sund om Bergen kommune og Bergensalliansen/Bergen +11 sitt syn på ei eventuell framtidig kommunesamanslåing.

Der samarbeidet fungerer
– Bergen er ikkje ute etter å slå oss saman med flest mogeleg. På sentrale område, som BIR og brannvern, snakkar vi alt med dei kommunane der vi ser at samarbeidet fungerer. Når det gjeld Havnevesenet, går det ikkje like bra. Slik vil det også vera med kommunereforma. Bergen er i den heldige situasjonen at vi kan takka ja til alle som ønskjer å slå seg saman med oss, sa Rastad.

Jamna ut skilnadane
I likhet med fylkesmann Lars Sponheim, ser Rastad skilnadane kommunane i mellom, både når det gjeld storleik og økonomi. Han la likevel vekt på å visa korleis skilnadane kan jamnast ut. Befolkningskonsentrasjon og infrastruktur er kommunalråden sine hovudargument at bykommunen bør involverast i si første kommunesamanslåing sidan 1972.

Felles arbeidsmarknad
– Veldig mange strilar jobbar i Bergen, men utan å ha nokon påverknad på dei avgjerdene som vert fatta i kommunen der dei har arbeidsplassen sin, sa Rastad.

Av dei 3377 arbeidstakarane i Sund, er det fleire som jobbar i Bergen enn som jobbar i Fjell. Felles for sundsokningar, fjellsokningar, øygardsfolk og asketappar er at Bergen er viktigaste pendlarkommunen.

Men pendlinga motsett veg er aukande. Kvar femte arbeidstakar i Sund bur anten i Fjell eller i Bergen.

Folkevekst
Bergensregionen hatt ein formidabel folkevekst på heile 41 prosent sidan siste kommunesamanslåinga. Sterkast har veksten vore i Fjell og Meland. Os og Sund kjem også svært gunstig ut.

Kikkar vi i krystallkula fram mot 2035, er det store sprik i prognosane. SSB sin mest optimistiske utviklingsbane tilseier at folkeveksten i Sund vil verta på nærare 50 prosent samanlikna med dagens folketal på 6.752 personar. I det mest pessimistiske scenariet vil folketalet auka med 1.500 færre personar.

– Veksten er ikkje sjølvsagt. Vi må sloss for å leggja til rette. Vi kan ikkje berre lena oss tilbake, sa Rastad.

Tenesteproduksjon
Folketalsveksten vil ha stor påverknad på kommunane si planlegging av tenesteproduksjonen innan barnehage, grunnskule og pleie og omsorg. Det vil verta færre arbeidstakarar for kvar pensjonist. Samstundes vert det fleire eldre over 80 år.

Medan innbyggjarane i Sund i dag i snitt er yngre enn bergensarane, vil aldersskilnaden gå i motsett retning i 2040, skal vi tru prognosane.

Skeptisk til KOSTRA
Å vera stor, er ikkje nødvendigvis det same som å vera mest effektiv. Når det gjeld skule, har Bergen fleire småskular med færre enn 100 elevar enn Sund.

– Sund og eindel andre kommunar har vore flinkare med skulestrukturen enn Bergen, sa Rastad.

Kommunalråden ønska ikkje å trekkja fram Kostra-tal i denne samanhangen. Talmaterialet er feil avdi kommunane nyttar ulike metodar for å produsera statistikken. Dessutan vil Bergen helst samanlikna seg med dei andre storbyane i Norge.

Lokaldemokratiet
Bergen har fått pepar for å ha avvikla ordninga med bydelsutval. Frå diskusjonane med Osterøy, Samnanger og Vaksdal har Rastad erfart at omsynet til lokaldemokratiet står sentralt i forhandlingane.

– Kostnadane var ikkje viktigaste årsaka til nedlegginga av bydelsutvala. Nedlegginga kom som ein konsekvens av innføringa av parlamentarismen. Bydelane hadde ein fullmaktstruktur som ikkje var foreineleg med byrådsmodellen, sa Rastad.

No kan det igjen verta aktuelt å innføra ei ordning med bydelsutval, for å koma i mål med kommunereforma.

To alternativ
– Same kva utfall diskusjonen om kommunestrukturen får, vil vi vera avhengige av eit framtidig samarbeid. Eg håpar regionen kjem styrka ut av reforma, uansett kommunegrenser. Styrka interkommunalt samarbeid kan og vera eit alternativ. Mykje kan løysast gjennom avtalar.

– Eg tilrår Sund til å utreia minst to alternativ. Då vert de i stand til å gjera eit val, sa Rastad.

Føl med, det kjem fleire saker frå Formannskapet i Sund.

Les også:

Facebook, stands og folkemøte i Sund

Vil snakka med Øygarden først

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s