– Vi bør snakka opp samarbeida våre

Kari-Anne Landro
– Sund har ikkje avskrive noko alternativ for kven vi bør samarbeida med, sa ordførar Kari-Anne Landro (H) då formannskapet diskuterte kommunestrukturen tirsdag denne veka.

Formannskapet i Sund er positive til ei kommunesamanslåing. Kven kommunen til sjuande og sist vel å samarbeida med, er dei likevel langt frå samde om. Uansett fryktar dei at Sund vil verta ein lillebror i ein samanslegen kommune.

Utkant i Fjell, eller utkant i Bergen? Korleis sikra medverknad og ta vare på lokaldemokratiet i ein samanslått kommune, er eit av spørsmåla som opptek politikarane i Sund om dagen.

– Skjerp retorikken
– Eg er positiv til kommunesamanslåing, men tanken på Bergen er nok meir framand for meg enn for eindel andre kring dette bordet, sa Beate Husa (KrF).

Fjell bør skjerpa retorikken sin, meiner KrF-representanten. Når ho hører korleis dei snakkar, slår lillebrorsyndromet inn for fullt. Ho ønskjer ikkje at det skal føra til at Sund slår seg saman med Bergen berre for å spela Fjell eit puss.

– Fjell har og sin utkantproblematikk, men dei har likevel eit anna utgangspunkt. Korleis kan vi få dei til å sjå argumenta våre, spurte Husa.

Store interne skilnadar
– Saman med Fjell og Øygarden, vil det verta ein storebror og to lillebrødre. Seier Øygarden nei, så vil ikkje Sund heller, sa ordførar Kari-Anne Landro (H).

– Bergen har ord på seg for å vera seg sjølv nok. Det dei fleste gløymer, er dei store interne skilnadane mellom bydelane i Bergen. Sund kjem godt ut i fleire samanlikningar, til dømes når det gjeld skulestrukturen, sa kommunalråd Robert Rastad som sjølv er oppvaksen i Arna. Kommunalråden var invitert til orientera om Bergen sine synspunkt på ei eventuell samanslåing.

Infrastruktur
Kjell Arve Vorland (Sp) var mest oppteken av infrastrukturen og eit framtidig ringvegsamband.

Kvar vil storhavna for Bergens-området liggja 20 – 30 år fram i tid?

– Sund kan løysa nokon av det Bergen har som utfordring på dette området. Infrastrukturen vert ein hovudpremiss for å utvikla kommunen, sa Vorland.

Svein Otto Jacobsen (FrP) nytta høvet til å ta fram att tanken om eit samband i sør. Eit prosjekt han har tru på vil verta realiset på sikt, men først må Sund få til ei utbetring av vegen gjennom Fjell.

Kollektivtrafikk
Kommunalråden ville ikkje gje seg inn på nokon diskusjon om samband i sør. Heller ikkje villa han gje si tilslutning til det føreliggjande forslaget til tverrsamband mellom Askøy og Meland. Han viste derimot til Stortinget si oppgåvemelding, der det vert føreslege å gje kommunane tilbake ansvaret for kollektivtrafikken.

– Om Bergen får tilbakeført ansvaret for kollektivtrafikken, skadar ikkje om vi også kontrollerer dei fire – fem største regionknutepunkta, sa Rastad.

Berre to alternativ?
Karsten Kleppe stussa litt over at det berre vert presentert to alternativ. Sjølv ser han helst at det går mot ein storkommune, gjerne ein der alle kommunane i fylket er med. Det kan også vera interessant å få avklart kva dei meinar i Austevoll.

– Askøy har vore veldig tydelege på at dei ikkje ønskjer noko samarbeid. Kva dei tenkjer i Austevoll, er meir uklart. I Sund er ingen alternativ avskrivne, sa ordførar Kari-Anne Landro (H).

Nina Glesnes
– Vi bør snakka opp dei mange samarbeida våre, sa Nina Glesnes (Ap).

Mykje positiv interesse
– Økonomi må aldri verta utgangspunktet for ei kommunesamanslåing. Heller ikkje må ein spara på lokaldemokratiet – i så fall kjem ein ingen veg, sa Nina Glesnes (Ap).

– Det er mykje positiv interesse for kommunesamanslåing, men vanskeleg å få til. Administrativt går det greit å samarbeida, men det strandar når det kjem til politikarane. Korleis kan vi løysa utfordringane undervegs, spurte Nina Glesnes (Ap).

Arbeiderpartirepresentanten trudde ho også hadde oppskrifta:
– Sund og Fjell samarbeidar alt på mange måtar. Kan hende snakkar vi om så mange som 85 ulike tiltak, sa Nina Glesnes (Ap).

– Vi må snakka opp samarbeida våre. Då ser vi kvifor vi bør samarbeida meir, oppfordra Glesnes.

Les meir:
– Det viktigaste er at vi samarbeider

Vil møta Øygarden først

Facebook, stands og folkemøte i Sund

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s