Kommunesamanslåinga ikkje tema i valkampen i Fjell

Tom Georg Indrevik– Vi må sjå framover og leggja gamle konflikter bak oss, seier Tom Georg Indrevik, ordførarkandidat for Høgre i Fjell i ein kommentar til Formannskapet i Sund sin skepsis til ei kommunesamanslåing med Fjell.

Etter valet kjem det nye kommunestyrer i alle dei tre kommunane. Då bør ein møtast og snakkast saman.

– Tillit er ikkje noko ein kan vedta. Det er noko ein må byggja opp, konstaterer Indrevik.

Slik du ser det, kva er hovudargumentet for at Sund og Øygarden bør velja å slå seg saman med Fjell?

– Det er ikkje så mykje snakk om å slå oss saman, som å skapa noko nytt i fellesskap, seier Indrevik.

Saman er Fjell, Sund og Øygarden ein av innovasjonskreftene i den norske industrien. I fellesskap bør regionen kunna gjera det betre enn om kommunane opptrer kvar for seg, meinar han.

Tenkjer lokalt
Sundsokningane er opne for fleire alternativ når det gjeld framtidige partnarar etter ei eventuell kommunesamanslåing i 2020. I Fjell tenkjer kommunepolitikarane lokalt:

Kommunestyret sitt mandat til forhandlingsgruppa tilseier at det berre er aktuelt å slå seg saman med Sund og Øygarden. Ein storkommune med Bergen, står ikkje på programmet, ifølgje Indrevik som et utpeika til leiar for forhandlingane.

– Bergen er ikkje noko tema. Ikkje i denne omgangen. Kan hende kjem det ein ny runde med kommunesamanslåingar om 20 – 30 år. Då kan vi eventuelt ta opp att den diskusjonen, seier Indrevik.

Sund legg opp til eit mangfald av aktivitetar for å involvera innbyggjarane så tidleg som mogeleg i prosessen. Kan innbyggjarane i Fjell forventa seg noko tilsvarande?

– Dialog er viktig, og eg er oppteken av dialog med innbyggjarane. Når vi har noko å diskutera, vil det vera naturleg å involvera dei i prosessen. Førebels er det litt tidleg, seier Indrevik.

At innbyggjarane og kan ha gode innspel, som bør fangast opp så tidleg som mogeleg, slik at dei kan påverka prosessen, er forhandlingsleiaren likevel ikkje framand for.

Opplagt alternativ
– I Bergens Tidende si uformelle undersøking i fjor, vart Fjell, Sund og Øygarden dei kommunane som flest valde å slå saman. Samstundes har eg registrert eindel skepsis, konstaterer Indrevik.

– Fjell har invitert Sund og Øygarden til ein diskusjon om kommunestrukturen. Det må vera utgangspunktet. Kvar einskild kommune er likevel seg sjølv nærast. Det er naturleg å tenkja på eigne interesser i starten av ein slik lang prosess, seier leiaren for forhandlingsutvalet i Fjell.

Ikkje tema i valkampen
– Dersom kommunesamanslåinga vert noko stort tema i valkampen i Fjell, vil det overraska meg, seier Indrevik.

Les også:
– Vi må snakka opp samarbeida våre
– Det viktigaste er at vi samarbeider
Vil snakka med Øygarden først
Facebook, stands og folkemøte i Sund

Advertisements

1 Comment

  1. Alle snakker om kommunesammenslåing. I andre analyser vurderes gjerne: 0-alternativet (ingen endring), deling opp mot sammenslåing. Tidens løsning er at de store spiser de små. Mulig vi heller burde se til at de raskeste mht omstilling/modernisering spiser de store i forretningslivet. Her er jo Tesla et eksempel fra bilens verden. Kanskje noe å tenke på for de som bare tenker på at stort er bra. For å bli best må du slå de beste – ikke nødvendigvis de største.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s