Økonomi er eit dårleg argument for kommunesamanslåing i Region Vest. I kraftkommunen Øygarden har innbyggjarane 2,3 kroner til rådvelde for kvar krone fjellsokningane disponerer.
Nøkkeltalsamanlikninga Tunnelsyn har gjennomført over inntekter per innbyggjar og gjeld per innbyggjar i dei tre kommunane og i Askøy, viser dei store skilnadane kommunane i mellom.
Verd å merka seg
To tilhøve spring i auga. Inntektssituasjonen i Øygarden, og gjeldssituasjonen i Askøy.
Fjellsokningane er dei som økonomisk har aller mest å tena på ei samanslåing. Her har politikarane berre knappe 45.000 kroner å fordela på kvar innbyggjar til tenester som skule, helse og eldreomsorg – og til politisk handlingsrom. I Øygarden utgjer kostnadane til dei same tenestene vel 105.000 kroner per hovud.
Inntekt per innbyggjar
Fjell 44 913
Sund 51 603
Øygarden 105 294
Askøy 51 193
Gjeld per innbyggjar
Fjell 50 046
Sund 56 872
Øygarden 54 300
Askøy 108 012
Sund klarer å mønstra vel 51.000 kroner per innbyggjar til offentlege tenester. Askøy tilsvarande, overraskande nok, sjølv om kommunen har meir enn dobbelt så høg gjeld per innbyggjar som dei tre andre kommunane.
Godt grunnlag
Oversikten gjev eit godt grunnlag for samanlikning av den økonomiske ”helsetilstanden” i kommunane i Region Vest. Tala for Sund og Øygarden er henta frå budsjetta for 2015. I Fjell er årsmeldinga for 2014 nytta, medan tala frå Askøy er henta frå den rykande ferske finansrapporten for første tertial. Ulike rapporteringar i dei fire kommunane kan likevel innebera mindre avvik frå dei oppgjevne tala.
1 Comment