Fleire selde eigedomar – lågare pris i mai

Høgast salssum i Fjell. Vågaleitet 16 vart seld for 5,79 millionar. kroner.
Høgast salssum i Fjell. Vågaleitet 16 vart seld for 5,79 millionar. kroner.

Den samla verdien på eigedomar selde i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i mai vart redusert med nesten 20 prosent samanlikna med april. Størst var nedgangen i Askøy, ifølgje Statens Kartverk.

Sjå kvar alle dei overdregne eigedomane er i interaktivt kart.

Samla salssum for alle eigedomane i dei fire kommunane var 420 millionar kroner, 74 millionar kroner mindre enn månaden før. Reduksjonen kom trass i at talet på omsette og overdregne eigendomar auka frå 252 til 282.

Med berre ein månads samanlikningsgrunnlag, er det vanskeleg å seia korvidt dette er utslag av tilfeldige månadsvise variasjonar, eller om det markerer byrjinga på ei meir langsiktig utvikling.

Tunnelsyn kjem her med ein førebels analyse av utviklinga på bustadmarknaden i kommunane i region vest.

Eiendomssalg i Fjell
Tjødnavegen 61 på Straume vart seld for 3,6 millionar kroner.

Fjell
Med ein samla omsetnadsverdi på knappe 175 millionar kroner, er Fjell einaste kommunen i Region Vest som tilnærma klarte å oppretthalda marknadsverdien frå april.

Dei 110 selde og overdregne eigedomane hadde ein snittpris på 1,59 millionar kroner. Ein reduksjon på nær 1,1 millionar kroner samanlikna med april. Sal av fleire tomtar og eigedomar overdregne vederlagsfritt innan familien er noko av forklaringa. Ei sortering på eigedomstype vil kunna fortelja noko om prisnivået for bustadar, for tomtar og for andre type eigedomar.

Sjølv om snittprisen har gått ned, vart dyraste bustaden seld til ein pris 1,1 millionar kroner over toppnivået i april. Best pris oppnådde seljarane av Vågaleitet 16, med 5,79 millionar kroner.

Askøy
Høgaste pris per bustad finn vi framleis i Askøy, sjølv om snittprisen har gått vesentleg ned også her. Oppnådd salssum per eigedom er no 2 millionar kroner, samanlikna med 3,37 millionar i april.

I Askøy vart det totalt registrert overdrege 96 eigedomar, mot 113 i april. Samla verdi utgjorde 192 millionar kroner, 67 millionar kroner mindre enn månaden før.

Også i Askøy finn vi eit større spenn i bustadprisane i mai. Høgaste salssummen oppnådde ein bustad i Holmedalshammaren 67, med 8,99 millionar kroner. Nær 1,1 millionar kroner meir enn for dyraste bustaden som vart omsett i april.

Sund
I Sund er det tomtesal, og overdragelsar innan familien, som dominerer eigedomsmarknaden. Dette medførte at dei 31 eigedomane som fekk ny eigar hadde ein snittpris på 944 873 kroner. Månaden før var snittprisen 1,26 millionar kroner.

Samla omsetnadssum var på 29, 3 millionar kroner.

Høgast pris oppnådde seljaren av gardsnummer 6, bruksnummer 60, med 6,25 millionar kroner.

Øygarden
I Øygarden pregar tomtesal og familiære tilhøve marknaden i langt sterkare grad denne månaden enn i april. Heile 45 eigedomar, nesten dobbelt så mange som månaden før, fekk ny eigar. Snittprisen no ligg på 531 689 kroner, mot vel 1,4 i april.

Den totale eigedomsmarknaden i kommunen hadde ein verdi på i underkant av 24 millionar kroner.

Høgast pris fekk seljaren av gardsnummer 40, bruksnummer 45, med 2,95 millionar kroner.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.