Eigedomsadvokat: – Skyv ansvaret over på tiltakshavar

Katrine Lillejord
– Nabolova vil få større betydning som følgje av endringane i Plan og bygningslova, seier Eidedomsadvokat Katrine Lillejord i Advokatkontoret Harris.

Snart kan du byggja den garasjen utan å søkja. Kan hende er det likevel best å snakka med naboen – og kommunen – først. Endringane i Plan og bygningslova (PBL) frå 1. juli er eit frislepp med mange forbehald. Advokat Katrine Lillejord ved advokatkontoret Harris trur det vert mange privatrettslege saker som følgje av lovendringa.

Mange ser fram til endringane i PBL som vert innført 1. Juli. Då skal det verta einklare å byggja mindre tiltak som garasje, terrasse, tilbygg og støttemurar. ”Vanskelege” naboar skal ikkje lenger ha noko dei skulle ha sagt. Er tiltaket i samsvar med dei nye unntaka i regelverket, kan du sleppa å søkja, har kommunalminister Jan Tore Sanner gått ut og lova.

Byggherren har ansvaret
Det mange optimistiske garasjebyggjarar truleg ikkje har fått med seg, er at lovendringa skyv heile ansvaret og undersøkingsplikta over på tiltakshavar.

Slik lyder hovudkonklusjonen til advokat Katrine Lillejord i Advokatfirmaet Harris etter å ha granska dei siste endringane i PBL. Ved advokatkontoret førebur dei seg på ein straum av privatrettslege saker i kjølvatnet av lovendringa.

Eitt hinder mindre
Det du som byggherre skal vera obs på, er at eit fritak frå søknadsplikt og nabovarsling i henhald til Plan og bygningslova, berre representerer eitt hinder mindre. Fritak for søknadsplikta er ikkje einsbetydande med eit klarsignal frå Veglova, Friluftslova, Nabolova og ei rekkje andre lovar og forskrifter, understrekar eigedomsadvokaten.

Trugsmål frå to kantar
Trugsmål trugar dei optimistiske garasjebyggjarane frå to kantar, ifølgje Lillejord.

Kommune og Stat: Den avklaringa som kommunane si byggesaksavdeling til no har utført i forhald til overordna lovar og regelverk, vert no overført til den einskilde byggherre.

Tiltakshavar må no på eiga hand sjekka at tiltaket er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, vedtekne reguleringsplanar og retningsliner for byggjegrenser og arealutnytting. Byggherre må og ha full oversikt over Vegvesenet sine krav til frisiktlinjer, Friluftslova sine forbod mot tiltak i strandsona, berre for å nemna noko.

Nabolova:
Byggesaksavdelinga har også hatt til oppgåve å vega tiltakshavar sine søknadar opp mot naboane sine interesser. Utan krav om søknadsplikt, og med redusert høve for naboane til å klaga, vil Nabolova verta langt viktigare enn i dag

– Nabolova §6 stiller krav om at naboane skal varslast om tiltak som kan verta til ulempe for dei, seier eigedomsadvokaten.

Lova kan verta ein sikkerhetsventil for frustrerte naboar. Det skal verta interessant å sjå i kor stor grad kommunane tør å nytta lovparagrafen, seier Lillejord.

Etterlengta foreinkling
Tredelen av norske byggjesøknadar handlar om mindre tiltak. Mange er uproblematiske, andre har eit høgt konfliktnivå, og nokre vil aldri verta godkjende.

Lovendringane er meint å understreka PBL som ei ”ja-lov”. Dei vert innført for å gjera det einklare for tiltakshavar å få godkjent uproblematiske tiltak, og for å effektivisera saksbehandlinga på byggesaksavdelingane.

Dei nye reglane
I utgangspunktet skal du frå månadsskiftet kunna setja opp eit frittliggjande bygg på inntil 50 kvadratmeter og med mønehøgde inntil fire meter ein meter frå naboen si grense, utan å søkja eller varsla naboen. Bygget må ikkje vera eigna til å bu i.

Du skal også kunna setja opp eit mindre tilbygg på inntil 15 kvadratmeter til eksisterande bustadhus. Tilbygget skal ikkje kunna nyttast verken til å bu i, eller til varig opphald, som til dømes kontor. Minste avstand til naboen her er fire meter.

I verste fall
– Tiltak som oppfyller krava, men som tidlegare er nekta, vert ikkje automatisk lovlege, sjølv når lovendringa trer i kraft, understrekar Lillejord.

– Sjølv om tiltaket i utgangspunktet ser ok ut, opnar lova for at kommunen kan gå inn i ettertid og vurdera. I verste fall kan dei kreva tiltaket rive, sjølv om det truleg skal mykje til, seier Lillejord.

 

Relaterte saker:
Sjekkliste for garasjebyggjarar

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s