Sjekkliste for garasjebyggjarar

Pettr Wiberg
Sjølv om publikum no vert sine eigne sakshandsamarar, har byggesaksavdelinga framleis plikt til å rettleia, sier byggesakssjef Petter Wiberg i Bergen kommune.

Garasjebyggjarar og andre som no vert fritekne for søknadsplikt, skal få hjelp til å avgjera korvidt tiltaket faktisk er lovleg. Byggesakssjef Petter Wiberg i Bergen held på å utarbeida ei digital sjekkliste for tiltak utan søknad.

Tredelen av dei 450 – 500 byggjesøknadane som byggesaksavdelinga i Bergen kommune mottek i løpet av året dreier seg om mindre tiltak som i mange tilfelle er einkle og ukontroversielle. Det er likevel desse søknadane som medfører største arbeidsmengda for saksbehandlarane, fordi svært mange søknadar ikkje er komplette, eller inneheld feil.

Publikum treng hjelp
Den høge feilprosenten er årsaka til at byggesakssjef Petter Wiberg ser at publikum treng hjelp. Byggesaksavdelinga har framleis plikt til å rettleia, også når det gjeld mindre tiltak som vert fritekne frå søknadsplikta etter 1. juli.

I samarbeid med kollegaer i Oslo kommune jobbar Wiberg med å utarbeida ei digital sjekkliste for garasjebyggjarar og andre som ønskjer å gå i gang med mindre tiltak fritekne for søknadsplikt.

Digital sjekkliste
– Tanken er å få til eit system som er så regelstyrt at det berre er å fylla ut eit skjema, og så avgjer systemet korvidt det berre er å gå i gang og byggja. Skjemaet skal vera så einkelt som mogeleg. Svarar du nei på eitt av spørsmåla, bør du senda søknad, seier Wiberg.

– Der er vi ikkje enno, konstaterer byggesakssjefen i Bergen.

Dei første digitale verktøya skulle ha vore klare i desse dagar, men det vil nok ennå gå noko tid før dei er kvalitetssikra og gode nok til at publikum kan ta dei i bruk.

Ikkje fritt fram
– Det er ikkje fritt fram for å byggja, sjølv om einskilde mindre tiltak no vert fritekne for søknadsplikt etter PBL, understrekar byggesaksjefen i Bergen kommune.

Utolmodige byggherrar har mange lovar og reglar å forhalda seg til, i tillegg til Plan og bygningslova. Dei som ønskjer å utføra tiltak som no er fritekne for søknads- og varslingsplikt, vart no sine eigne sakshandsamarar, fastslår Wiberg.

Får færre søknadar
I byggesaksavdelinga i Bergen merkar dei alt effekten av lovendringa. Straumen av nye søknadar har blitt vesentleg redusert. Talet på søknadar utan ansvarsrett har blitt redusert med 40 prosent i år samanlikna med fjoråret.

– Noko av forklaringa er nok at mange tiltakshavarar har venta på 1. juli, seier Wiberg.

Byggesakssjefen trur likevel ikkje det er heile forklaringa. Talet på søknadar om rammeløyve har også gått ned, så mange bergensarar vel nok å avventa utviklinga i offshoresektoren og den lokale arbeidsmarknaden, antydar byggesakssjef Petter Wiberg i Bergen kommune.

 

Relaterte saker:
Eigedomsadvokat: Skyv ansvaret over på tiltakshavar

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s