Byggesakssjefen: – Klarar ikkje stoppa klagene

garasje_webByggesakssjef Petter Wiberg i Bergen kommune fryktar det vil verta fleire klager på ulovleg bygging framover. Digitale sjekklister for mindre tiltak utan søknadsplikt gjev ikkje betre svar enn publikum si evne til å henta inn og tolka offentleg informasjon.

Rettleiaren frå Direktorat for Byggkvalitet vil vera til god hjelp for dei som ønskjer å byggja garasjar og andre mindre tiltak som vert fritekne for søknadsplikt etter 1. juli:

– I rettleiaren får publikum alle kontrollspørsmåla servert på ein oversiktleg og grei måte, seier Wiberg etter ein rask gjennomgang av det digitale verktøyet.

– Men ikkje alle spørsmåla er like einkle å svara på, medgjev byggesakssjefen.

Din eigen saksbehandlar
Bruken av rettleiaren føreset at publikum overtek rolla som saksbehandlar. På førehand må dei ha henta inn all relevant informasjon om planar og føresegner som gjeld for området dei ønskjer byggja i.

Å tolka reguleringsplanar kan til dømes visa seg å vera vanskeleg for personar utan fagkunnskapar, trur Wiberg.

Med så omfattande undersøkingsplikt. Vert det eigentleg så mykje einklare for folk flest å få bygd seg ein garasje?

– Ifølgje statsråden, ja… Eg trur det vil gå heilt greit for mange, men det vil nok vera ein risiko for at nokon kjem til å konkludera feil, seier Wiberg.

Meir ulovleg bygging
Byggesaksavdelinga i Norges nest største kommune har i år motteke 40 prosent færre søknadar om tiltak utan ansvar enn i same perioden i fjor. Ein heil del av desse har truleg avventa dei nye reglane.

– Eg er førebudd på fleire klager på ulovleg bygging framover, seier Wiberg. Det at naboane har fått redusert klageretten sin, kan ikkje hindra dei i å klaga på tiltak dei meiner er ulovlege.

– Det er eindel lause trådar her. Men dette er ein ny måte å gjera det på, og så får vi avventa og evaluera undervegs, seier byggesakssjefen i Bergen kommune.

 

Relevant innhald:

Last ned rettleiaren til Direktorat for Byggkvalitet

Sjekkliste for garasjebyggjarar

Eigedomsadvokat: – Skyv ansvaret over på tiltakshavar

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s