Feilinformasjon om bustadareal i kommuneplanen

logo_fjell_3Utkastet til ny arealplan for Fjell gjev klarsignal for vesentleg meir bustadbygging enn dei 1000 måla som komiteleiar Tom Georg Indrevik (H) oppgjev. Ein eigen kommunedelplan for Nordre Litle Sotra, som planen legg opp til, vil aleine oppta 4000 – 5000 mål. Ein stor del vil verta nedbygd.

Forslaga om områdereguleringsplan for Fjell Gard og kommunedelplan for Vindeneskvarven er også haldne utanfor Indrevik sine statistikkar. Talet på bustadar her vil likevel ikkje verta stort nok til å endra busetnadsmønsteret i kommunen i tilnærma same omfang som ein kommunedelplan for Nordre Litle Sotra.

Godt dekka
Ei framskriving av folketalsauken i kommunen siste 40 åra tilseier at behovet for bustadar i 2040 vil vera ein stad mellom 6.100 og 8.350.

Vedtekne planar opnar for bygging av 8.800 nye bustadar. Fjell er alt i dag god dekka når det vert spørsmål om areal øremerka til framtidig bustadbehov, var det brei semje om då Komite for Plan og utvikling i dag behandla planen.

Tilbakeføring til LNF
Plan og bygningslova tilseier at reguleringsplanar eldre enn 10 år skal vurderast på nytt. Komiteen har ikkje gjort nokon vurdering av vedtekne, men ikkje gjennomførte, bustadplanar med tanke på til dømes tilbakeføring til LNF.

Manglar overordna konsekvensutgreiing
Forslaget til ny arealplan opnar dermed opp for langt fleire bustadar enn det er grunn til å tru vil verta bygd i perioden.

Kva konsekvensar dette kan få for tomteprisar, grunneigarar og utbyggjarar vert ikkje vurdert i planen.

Nytt kvotesystem
Utanom områda med krav til overordna plan, opnar den nye arealplanen opp for kring 2.000 nye bustadar spreidd kringom i kommunen.

Kvotesystemet for bygdene er blitt endra og meir fleksibelt. I staden for kvar bygd si kvote, deler større område no på ei felles kvote. Dei nye kvotene byggjer dels på erfaringa frå denne perioden. Landro og Eide, som hadde brukt opp kvotene sine, er no merka med gult, altså som bustadområde. Ekerhovd – Li – Liaskjeret, som er i same situasjon, skal framleis vera LNF.

Lokaldemokratiet fungerer
I forkant av arbeidet kom det inn 370 innspel frå publikum. Innspela er vurdert opp mot ni generelle prinsipp. Etter tre års arbeid kviler framlegget til arealplan for Fjell for 2015 – 2026 på eit solid lokaldemokratisk fundament. Det inneber likevel ikkje at alle forslagsstillarane har fått ”like” i Komite for Plan og utvikling for planane sine.

Kommunestyret skal sluttbehandla utkastet til ny arealplan torsdag 18. Juni.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s