Hyttestrategi på overtid

Med 1750 hytter er Fjell fjerde største hyttekommunen i Hordaland. No krev politikarane i Komite for Plan og utvikling å få ein strategi for konvertering av hytter til bustad. Strategien skal liggja på bordet alt i august.

Nærleiken til Bergen tilseier at Fjell har lang tradisjon som ferieparadis for bergensarar. Alt på slutten av 1800-talet leigde dei første seg inn i bestestovene kringom på gardane. At berre Voss, Kvam og Lindås har fleire hytter enn Fjell, kom likevel overraskande på dei fleste medlemmane i KPU.

Ulovleg
Mange av hytteeigarane har følgt flyttestraumen over Sotrabrua og for lengst gjort fjellsokningar av seg.

Fleire hytteeigarar nyttar i dag hytta som bustad, sjølv om det ikkje er lov. Langt fleire ønskjer å oppgradera sommarparadiset til heim, og har kontakta kommunen for å orientera seg om korleis dei best kan gå fram.

Problematisk
Frå kommunen si side er det ønskjeleg å få bruken i samsvar med vedtekne planar, mellom anna med tanke på naudsituasjonar. Det er likevel problematisk å oppfordra dei som bur ulovleg til å søkja om bruksendring, så lenge kommunen manglar ein strategi for konvertering.

Underteikna var mellom dei som lufta tanken om at ein plan for konvertering burde inngå som del av den nye arealplanen, utan å få gehør. I staden vedtok komiteen forslag om ei eiga sak.

Stor variasjon
Dei 1750 hyttene er spreidd frå senterområdet på Straume, via typisk hytteområder som Isbragdet, Haganes, Nordre Bildøy og Snekkevik, til dei ytterste holmar og skjer.

Nokon har veg, vatn og avløp like utanfor hyttedøra, slik at det bør liggja godt til rette for bruksendring. Sjølv om infrastrukturen er på plass, kan det at nokre hytter ligg innanfor vedtekne senterplanar likevel komplisera ei omgjering. Andre hytter manglar det meste av dagens infrastruktur. Å utarbeida ein strategi som passar dei fleste vert difor ei svært krevjande oppgåve.

Les saksframstellinga på Fjell kommune sine heimesider.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s