Tek med merknad frå utestengd utbyggjar

Ein merknad frå Kjell Rune Garlid (Sotra Lista) føl med tilrådinga frå Komite for Plan og utvikling om å vedta utkastet til ny kommunedelplan for Fjell.

Saman med Johannes Kobbeltvedt (Sp) og Svein Bergh (SL), vart Garlid utestengd frå arbeidet med ny kommunedelplan hausten 2013. Grunngjevinga frå komiteleiar Tom Georg Indrevik (H) var at dei som utbyggjarar hadde kome med innspel til planen, og at dei difor var inhabile i heile planarbeidet.

Inhabil
Garlid var også vurdert inhabil då KPU i dag sluttbehandla utkastet til arealplan for Fjell for 2015 – 2026.

Garlid fremma likevel ein merknad til dagsorden til dagens møte, der det framgjekk at Sotra Lista burde ha fått høve til å utnevna nye representantar for dei som vart utestengde.

Diskusjon i KPU
Fleire medlemmar i KPU meinte påstanden til Garlid var feil. Fleirtalet i komiteen var likevel samde om at innhaldet i merknaden var uinteressant i denne samanhangen.

Komiteen diskuterte deretter korvidt merknaden burde behandlast som ein merknad til sakslista, og protokollførast saman med referatet frå møtet.

Alternativet var å behandla merknaden frå Garlid som ein merknad til sjølve saka. Merknaden ville i så fall følja med saka til kommunestyret når framlegget til ny arealplan vert behandla der neste veke.

Då dette er ei sak av prinsippiell betydning, valde fleirtalet i KPU å la merknaden følja saka til kommunestyret, trass i at Garlid var inhabil.

Valteknisk samarbeid
Det hører med til historien at Sotra Lista ved siste val inngjekk eit valteknisk samarbeid med Arbeiderpartiet, Venstra, SV og Senterpartiet for å sikra eit ekstra mandat i komiteen. Eit samarbeid som resulterte i at mellom anna eg, som vara, rykka opp som fast møtande representant i komiteen i samband med planarbeidet.

 

 

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s