Desse offentlege tenestene er vi mest nøgde med

Folkebiblioteket, brannvesenet og Vinmonopolet er dei offentlege tenestene som kjem best ut av DIFI si omdømemåling. På botnen av skalaen finn vi barnevernet og NAV, saman med plan og bygningskontoret.

Undersøkinga er utført av Opinion på vegne av Direktorat for forvaltning og ikt. 44 offentlege tenester, 23 av dei på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, inngår i undersøkinga.

Nordmenn flest vert stadig meir nøgde med å bu i Norge, viser undersøkinga. Stadig fleire oppdagar at Norge er i ein økonomisk særstilling i Europa, med låg arbeidsløyse og godt bumiljø.

Folkebiblioteket
Best ut i undersøkinga kjem folkebiblioteka. Respondentane gjev dei lokale kulturinstitusjonane 81 poeng av 100 mogelege. Biblioteka held posisjonen samanlikna med undersøkingane i 2013 og 2010

Brannvesenet
Brannvesenet har jobba medvite siste åra for å forbetra både tenester og omdømet sitt, og stiller no likt med folkebiblioteka i innbyggjarane sine auge. Framleis er det likevel meir enn 30 prosent av respondentane som svarte ”veit ikkje”, eller som ikkje har svart på spørsmålet.

NAV
Minst positivt inntrykk av samtlege offentlege tenester har nordmenn av NAV. Institusjonen oppnår berre 55 poeng i undersøkinga. Det er likevel ei klar forbetring samanlikna med 2010, då institusjonen berre oppnådde 47 poeng.

Til saman 11.567 tilfeldig utvalde nordmenn, av eit samla utval på 30.000, har svart på undersøkinga. Utvalet er stort nok til å gje ein indikasjon på nasjonalt nivå, men er ikkje eigna til å seia noko om kor nøgde innbyggjarane i dei einskilde kommunane er med dei ulike tenestene.

Eiga erfaring
Undersøkinga inneheld ein innbyggjardel (omdøme) og ein brukardel med informasjon frå personar med eiga erfaring med bruk av tenestene.

Nokon tenester viser seg å vera betre enn det omdømet dei har, andre nyt godt av eit ufortent godt omdøme hos innbyggjarane, samanlikna med det inntrykket brukarane av tenestene og deire næraste pårørande sitt att med.

Heimkommunen
Heimkommunen er vi mindre nøgde med. Dess større kommune, dess mindre tilhøright kjenner innbyggjarane til heimkommunen. Lågast tilhørighet svarar dei under 40 at dei har.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s