1 milliard per kilometer – reguleringsplanen for nytt Sotrasamband overlevert

Sotrasambandet
Det nye Sotrasambandet med Valenkrysset i forgrunnen.

– Det viktigaste samferdselsprosjektet i vår region. Det heiter Sotrasambandet, men Bergen er også med, sa byråd Henning Warloe (H) då han saman med ordførar Eli Berland mottok dei tjukke permane med dokument frå Statens vegvesen.

No er den vidare framdrifta opp til politikarane.

Hovudtrekka ved det nye sambandet er kjent frå tidlegare. På ein slik høgtideleg dag er det likevel på sin plass at regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen presenterer ei oppsummering av prosjektet.

Ordførar Eli Berland og byråd Henning Warloe mottok utkastet til endeleg reguleringsplan frå Statens vegvesen.
Ordførar Eli Berland og byråd Henning Warloe mottok utkastet til endeleg reguleringsplan frå Statens vegvesen.

8,9 milliardar kroner
Siste kostnadsoverslaga viser at dei 9,4 kilometrane med ny firefelts veg vil kosta nærare ein milliard kroner per kilometer veg.

Endeleg kostnad for sambandet vert no oppgjeve å verta 8,9 milliardar kroner. 1,9 milliardar meir enn det som vart opplyst då kommunedelplanane for delsambanda vart lagt fram.

Slik tenkjer Statens vegvesen seg at Straume sentrum kan verta sjåande ut.
Slik tenkjer Statens vegvesen seg at Straume sentrum kan verta sjåande ut.

Innanfor usikkerhetsmarginen
– Oppjusteringa av kostnaden er innanfor usikkerhetsmarginen på 25 prosent som Statens vegvesen opererer med for kommunedelplanar, sa Eidsnes.

Den oppjusterte kostnaden skuldast nye krav som har kome til i prosessen frå kommunedelplan til reguleringsplan. Auka detaljeringsgrad i reguleringsplanen gjer dessutan at vegvesenet har fått eit betre grunnlag for å rekna pris, sa prosjektleiar Magnus Natås.

Med forbehald reknar vegvesenet no med at kostnadsendringane fram mot fullføring maksimalt vil utgjera ti prosent.

8 minutt å køyra
Heile sambandet, frå krysset i Kolltveit og til Storavatnet, vert på 9,4 kilometer. Med 80 kilometer i timen vil det ta bilistane 7 – 8 minutt å kjøra heile strekkja.

Den mest merkbare forbetringa samanlika med dagens veg vert det nok likevel syklistane som kjem til å oppleva: No vert det strake vegen også for dei. Parallelt med den firefelts vegen kjem det 7,8 kilometer gang- og sykkelveg.

Medrekna dei tre sykkeltunnelane vert det 11 tunnelar på det nye sambandet.

Nye kollektivterminalar på Straume og Storavatnet er også rekna inn i sluttsummen.

Fleksibelt kollektivfelt
Som konstruksjon for den nye Sotrabrua legg vegvesenet opp til ei konvensjonell hengebru med eit spenn på 600 meter, og total lengde på 954 meter. Høgrefeltet i kvar retning vil vera skilta som kollektivfelt, men utan fysiske skilje mot trafikkfeltet. Slik sikrar ein meir fleksibel bruk i tilfelle ulukker.

Den første planlegginga starta for 15 år sidan. I periodar har over 100 personar vore involvert i prosessen.

 

Les også: Sotrasambandet: 29 bustadar må vekk

7 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s