Sotrasambandet: 29 bustadar må vekk

Nokon må betala prisen for at Sotra-strilen skal kunna koma seg raskare fram. 29 bustadar – 4 av dei på Sotra – må rivast for å rydda veg for det nye Sotra-sambandet.

Utfordringa med å byggja motorveg i tett bebygde bustadområde har vore ei av hovudinnvendingane mot å leggja eit nytt Sotrasamband over Knarrevik. Folk frykta for bustadane sine!

I dag fekk vi fasit. Omfattande grunnerverv må til før det nye Sotrasambandet kan stå ferdig, bekrefta regionsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen då han i dag overleverte det endelege utkastet til reguleringsplan til Fjell og Bergen kommune.

21 bustadeigedomar med til saman 29 bueiningar og 11 fritidsbustadar står bokstaveleg talt i vegen for det nye sambandet, og må innløysast. Det same er tilfelle med Sigba Eiendom sitt administrasjonsbygg i Knarrevik.

Fire bustadar i Fjell
Dei fire bustadeigedomane som må rivast i Fjell finn vi på austsida over innløpet til den nye Kolltveit-tunnelen, på vestsida av Bildøy, på vestsida over innløpet til den nye tunnelen gjennom Straume, og der det nye Valen-krysset skal koma.

Storparten av dei 11 fritidsbustadane som må rivast finn vi også i Fjell.

Verst ramma
Verst vil det gå ut over bustadeigedomane på Bergenssida. Fleire eigedomar ligg akkurat i området der den nye Sotrabrua er planlagt å koma i land. I Godvik vil Statens vegvesen dessutan riva eit rekkjehus med åtte bueiningar.

 

Les også: 1 milliard per kilometer – reguleringsplanen for Sotrasambandet overlevert

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.