Sundpolitikarane møtte innbyggjarane

Å halda fram som eigen kommune er å føretrekkja. Må vi velja, bør vi velja Fjell og Øygarden, var rådet Nils Bjarne gav Tofterå gav Beate Husa (tv) og Kari-Anne Landro.
Å halda fram som eigen kommune er å føretrekkja. Må vi velja, bør vi velja Fjell og Øygarden, var rådet Nils Bjarne gav Tofterå gav Beate Husa (tv) og Kari-Anne Landro.

Om dei vart så mykje visare på kva sundsokningane meiner om kommunesamanslåing er usikkert. Politikarane som stilte i Spildepollen og på Forland i dag fekk i alle fall vita kva som opptek veljarane.

Formannskapet i Sund har valt den lokaldemokratiske tilnærminga til ei eventuell kommunesamanslåing. Dei vil lytta til veljarane sine råd.

Vanskeleg val
Politikarane i Sund tel på knappane; Fjell og Øygarden eller Bergen? Eller skal vi våga gjera det vi aller helst vil – halda fram som eigen kommune?

Med ordførar Anne-Kari Landro (H) i spissen møtte partia kvinnsterke fram i dag, først på Bunnpris i Spildepollen og deretter på Spar på Forland. Tilstade var Nina Glesnes (Ap), Beate Husa (KrF) og Svein Otto Jacobsen (FrP).

Lokalpolitikk viktigast
15 – 20 sundsokningar stoppa opp på veg til eller frå fredagshaldelen for å snakka med sine folkevalde. Kommunesamanslåinga verka det som om dei har eit heller fjernt forhald til; kan vi unngå kommunesamanslåing, held vi fram som eigen kommune. Må vi absolutt, er usemja stor om kva alternativ dei kan velja.

Kommunesamanslåing eller ikkje: ein ting verka det som om dei fleste var samde om – det må koma ny skule i Spildepollen snarast!

Ny sjanse
Neste laurdag får sundsokningane ein ny sjanse til å fortelja politikarane kva dei er opptekne av: Då stiller politikarane på Sund senter.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s