Krev fortgang i havnesamarbeid

Offshorefartøy på rad og rekkje i Kristiansund havn. Foto: Svein Ludvigsen
Offshorefartøy på rad og rekkje i Kristiansund havn. Foto: Svein Ludvigsen

God marknadskunnskap om aktørar, gods og destinasjonar vil vera ein viktig faktor, skal Fjell, Lindås og Øygarden kunna lukkast med eit eige interkommunalt havneselskap.

Slik lyd havnekaptein Geir Kjønnøy i Kristiansund og Nordmøre Havn IKS sitt råd til formannskapa i Fjell, Øygarden og Lindås. Fjell kommune inviterte i går Lindås og Øygarden til felles rådslaging om korleis koma vidare i den tilsynelatande fastlåste diskusjonen om Bergen og Omland Havnevesen (BOH).

Havnekaptein Geir Kjønnøy, Kristiansund og Nordmøre havn IKS. Foto: Per Kvalheim
Havnekaptein Geir Kjønnøy, Kristiansund og Nordmøre havn IKS. Foto: Per Kvalheim

Kristiansund og Nordmøre Havn IKS omfattar elleve kommunar. Samarbeidet vart formalisert så tidleg som i 2004. Kommunane kring Bergen vurderer selskapet som ein modell for eit eventuelt eige, framtidig samarbeid utanom BOH.

Urimelege vilkår
Då Bergen og Omland Havnevesen ville omorganisera i 2012, takka Fjell og Lindås nei til å delta i det nye interkommunale selskapet. Nabokommunane var kritisk både til Bergen si framdrift av prosessen, og til krava dei vart møtt med. Kaianlegg i kommunane kring Bergen genererer ein stor del av BOH sine inntekter på 68 millionar kroner. Aktiviteten i Bergen indre havn vert planlagt trappa ned. Bergen kravde likevel å få 70 prosent eigarandel i den nye selskapet. Dei kravde og å få overført store eigedomar og inntil ein milliard kroner i eigarkapital, orienterte Hogne Haugsdal, rådmann i Lindås kommune.

Nordmøre-modellen
Kristiansund er med ein eigarandel på 38 prosent den dominerande aktøren i havnesamarbeidet på Nordmøre. Eigardelen til dei einskilde kommunane er rekna ut etter ein kompleks fordelingsmodell der innbyggjartal berre er ein av mange faktorar, sa Kjønnøy.

Investeringsgaranti
Til forskjell frå BOH sin føreslegne modell, har ingen av eigarkommunane overdrege eigedomar til det interkommunale selskapet. Kommunane gjorde heller ikkje noko kontantinnskot i samband med oppstarten.

Eigarkommunane har derimot stilt garanti for eit felles inversteringsramme i Kommunalbanken på 200 millionar kroner i nye havneanlegg, sa Kjønnøy.

Næringsutvikling
– Vi er ein aktiv pådrivar for havnebasert næringsutvikling, og arbeider no med ein strategi for nærskipsfart, sa Kjønnøy.

Den økonomomiske fordelinga mellom dei to hovudoppgåverne; forvaltning i henhald til Havne- og farvasslova, og forretningsmessig drift, er førebels på 80:20. Nordmøre er sentral for utskiping og eksport av norsk sjømat. Meir enn fem millionar tonn gods vart sendt avgarde herifrå i fjor. Av ei samla omsetning på vel 30 millionar kroner, sat eigarkommunane att med ei beskjedent resultat på kring ein halv million. To tredelar av inntektene kjem frå kaivederlag og anløpsavgift.

Samla hadde havneanlegga på Nordmøre 13457 skipsanløp i fjor. Ferger og stykkgodsbåtar stod for flest anløp. Offshorefartøy genererer og mykje aktivitet.

Viktig for utviklinga av samarbeidet har vore å få til ei rett ressursdisponering og oppgåvedeling mellom dei ulike havneanlegga, svarte Kjønnøy på spørsmål frå politikarane.
Tida er overmoden for å få fortgang i planane om eit havnesamarbeid i Bergensregionen, meinte politikarane.

Klarar ikkje Bergen og Omland Hamnevesen (BOH) å koma til semje med omeignkommunane om vilkåra for deltaking i eit felles interkommunalt selskap, får Fjell, Lindås og Øygarden skipa vårt eige, sjølv om det eigentleg ikkje er det vi ønskjer. Om lag slik oppsummerte ordførarane Åse Gunn Husebø frå Øygarden og Astrid Aarhus Byrknes frå Lindås stemninga etter to år ”på vent” hos BOH.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s