Foreldreopprør i Askøy

Foreldre på Askøy gjer opprør mot å bu i den kommunen i Region Vest som nyttar minst pengar på skule. Rådmann Odd Magne Utkilen og oppvekstsjef Åge R. Rosnes har ikkje ein einaste lærar å gje.

Ved årsskiftet slo ei gruppe foreldre til elevar i grunnskulen i Askøy alarm om den låge lærardekninga i kommunen. Meir enn 300 skreiv under på eit innbyggjarinitiativ, i håp om å få innført ein norm for kor mange elevar kvar lærar skal undervisa.

Etter Kommunelova er kommunen pliktig til å behandla eit innbyggjarinitiativ innan seks månadar, og no skal saka opp for kommunestyret.

Så mange lærarar treng vi
I første til fjerde klasse skal det maksimalt vera 18 elevar. På åttande til tiande trinnet kan det vera inntil 22, krev foreldra.

Foreldra sitt krav vil innebera at det må opprettast 64 nye klassar og tilsetjast læarar i 70 nye årsverk, har rådmann Odd Magne Utkilen rekna ut. Kommunen har ikkje økonomisk handlingsrom for å auka kostnadane til lærarløn med 43 millionar kroner.

På botn i Hordaland
Den låge lærardekninga vert spegla i kommunebudsjettet. Sett i høve til elevtalet er Askøy den kommunen i Region Vest som nyttar minst pengar på skule.

Ein elev i grunnskulen kostar Askøy kommune 89.262 kroner, viser ferske Kostra-tal for 2014. Brutto driftsutgifter til skule medrekna lokale og skuleskyss, er 16.500 kroner lågare enn snittet i Hordaland, og nær 40.000 kroner mindre enn kva Øygarden spanderer på sine oppveksande innbyggjarar.

I Fjell er beløpet 112.836 kroner, og i Sund er dei på nivå med snittet i Hordaland.

Relaterte saker:
Fjell: Utfordrande å kutta elevkostnadane til Askøy-nivå

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s