Arealplanen vedteken mot 10 røyster

Det vart overraskande lite diskusjon om sjølve innhaldet i arealplanen, då kommunestyret i Fjell sluttbehandla planen.

Daniel Victor Sandvik (FrP) ville ha med ein protokolltilførsel til planen:

Vindeneskvarven og Solsvik utmark burde  ha blitt merka som framtidig industriområde, ikkje LNF-område. No vert det vanskeleg å få nytta området, frykta han. Det må dessutan vera lov å ha meir enn ein båt per naust.

– Det at denne protokolltilførselen kjem med, gjer det mogeleg å stemma for planen. Alternativet hadde vore å stemma mot heile planen, sa Sandvik.

Stemte mot
Kommunestyret vedtok at Svein Bergh og Johannes Kobbeltvedt var habile til å delta til sluttbehandlinga av arealplanen.

Sotra Lista sine seks medlemmar og Senterpartiet var likevel framleis såre over å ha site på sidelina gjennom heile detaljplanlegginga undervegs. Dei stemte mot planen. Det same gjorde tre av dei uavhengige representantane.

Her finn du alt om arealplanen for Fjell for 2015 – 2027

Les også:
Feil informasjon om bustadareal i arealplanen
Må heile folkeveksten skje på Straume?
300 merknadar til arealplanen
Ta heile Nordre Fjell i bruk
Båthavn til folk flest

Tomtelevarandøren Fjell
Klar, ferdig, BYGG…?

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s