Får behandla arealplanen, likevel

Johannes Kobbeltvedt
Ikkje inhabil likevel i sluttbehandlinga av arealplan for Fjell for 2015 – 2027

Det er forskjell på å sitja i ei politisk arbeidsgruppe som behandlar detaljar i ein arealplan, og på å vera med på å vedta den overordna planen, vedtok kommunestyret i Fjell.

Dermed fekk utbyggjarane Svein Bergh (SL), Johannes Kobbeltvedt (Sp) og Jan Arthur Nilssen (H) likevel vera med på å sluttbehandla arealplanen.

Bed om ny vurdering
Spørsmålet om habilitet har hunge som ei mørk sky over arbeidet med ny arealplan i Fjell. Dei tre, saman med Kjell Rune Garlid, vart erklærte inhabile i den politiske arbeidsgruppa då vurderinga av dei 370 innspela til planen tok til hausten 2013.

Då planen kom opp til endeleg behandling i dag, bad dei tre om at kommunestyret måtte vurdera korvidt dei var inhabile.

Krevde skriftleg grunngjeving
Jan Utkilen (Sotra Lista) meinte at dersom dei tre var inhabile, så var han sjølv det og. Han og familien eig store eigedomar som vert omfatta av planen. Han utfordra difor dei øvrige representantane i kommunestyret til også å vurdera hans eigen habilitet. Vidare krevde han ei skriftleg grunngjeving for ei eventuell utestenging.

Komiteleiar Tom Georg Indrevik hald fast på det opphavelege vedtaket i komiteen frå hausten 2013.

Ordførar Eli Berland meinte at det no var opp til kommunestyret å avgjera, sidan dei tre bad om ei vurdering.

Kommunestyret si vurdering
Daniel Victor Sandvik (FrP), fortstod ikkje problemstillinga. Å ekskludera dei tre frå behandlinga av den overordna planen, ville strida mot tidlegare praksis. Sjølv er han med i dette arbeidet for tredje gong, og spør seg no korvidt alt har gått rett for seg i dei tidlegare omgangane.

Kommunestyret bør i dette tilfelle bør skjelna mellom det å delta i ei arbeidsgruppe som behandlar konkrete innspel frå område der dei sjølv har interesser, og det å vera med på å behandla ein overordna plan, tok både  Marianne Bjorøy (Ap) og Ernst Einarsen (H), til orde for.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s