Fjell: Utfordrande å kutta skulekostnadane til Askøy-nivå

Politikarane i Fjell framhevar kostnadsnivået i Askøyskulen som ideal. Å kutta
driftskostnadane i grunnskulen til Askøy-nivå kan likevel koma til å gå ut over kvaliteten på tenestene. No vil dei i staden ha vatn i bassenga heile året. Samstundes vil dei setja av 10 millionar på fond. Kvar kutta skal koma, overlet dei til Komite for finans og forvaltning (KFF).

Rekneskapen for Fjell for dei fire første månadane i år har gått på ein sprekk på 4,3 millionar kroner. Mesteparten skriv seg frå skulesektoren, ifølgje rådmann Steinar Nesse.

Sprekk i skulesektoren
Då kommunestyret i Fjell i dag drøfta tertialrapporten for økonomi, framheva både Ernst Einarsen (H) og varaordførar Odd Bjarne Skogestad (KrF) kostnadane i Askøyskulen som eit ideal.

Driftskostnadane per elev i Fjell har gått ned siste åra, men ligg framleis nær 8.000 kroner over snittet i fylket på 105.000 kroner, og 23.000 kroner høgare enn i Askøy, ifølgje ferske Kostra-tal for 2014.

Foreldreaksjon
I Askøy har fortvilte foreldre gått til underskriftsaksjon for å få pengar til fleire lærarar i klasseromma. Kommunen har lågaste driftskostnadane per elev i grunnskulen i Region Vest. Kostra-tala for 2014 viser at driftskostnadane i skulen kostar Askøy 16.500 kroner under snittet for Hordaland.

Heilårsopne svømmebasseng
– Vi er nøydde til å spara, men vi kan ikkje spara på innhaldet i skulen, sa Einarsen.

Høgrerepresentanten er uroleg for svømmedyktigheten til ungane i øykommunen Fjell. Dei kommunale bassenga bør vera opne for heilårsdrift, ikkje berre seks månadar som i dag, føreslo Einarsen.

Komande skuleår skal elevane ha same rammetimetal som dette skuleåret, vedtok kommunestyret. Kor pengane skal hentast frå, overlet dei til KFF.

Skulestrukturen, enno ein gong?
Skogestad argumenterte for å gjennomgå skulestrukturen, enno ein gong. Han føler at dei ikkje tok ut heile potensialet i 2014, då temaet sist var oppe i kommunestyret.

1o millionar til fond
– Fjell er i ein situasjon der vi må førebu oss på framtidige investeringar. Vi må tilby betre tenester til lavare kostnad, sa varaordførar Tom Georg Indrevik. Han fekk kommunestyret med seg på å setja av ti millionar kroner på fond kvart år fram til 2018, til å dekka framtidige driftskostnadar til det planlagte lokalmedisinske senteret.

Relaterte saker:
Foreldreopprør i Askøy

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s