Ventetid

musselineRosesesongen ser ut til å verta fire veker forseinka, samanlikna med fjoråret. Utolmodige meg…

Musseline
Musseline, velduftande moskatahybrid klar til å opna rosesesongen 2015.

Blå rododendron, svarte tulipanar og kvit magnolia. Blomane si dronning – rosa – er hovudperson i hagen på Straume. Straks 17. mai er over, startar ventetida. Det er akkurat som før ein fødsel, iblanda litt VM-kjensle. Når skjer det? Kva rose kjem først ut i år?

I fjor sprang den første raude Flammentanz ut 29. mai. I år ser det ut til at muskatahybriden Musseline vil verta den første som faldar ut sine svakt rosa, velduftande blomar i rosehagen på Straume. Lunt plassert inntil austvedt solvegg og gjødsla rikeleg med aske og hønsemøk. Vil ho klara det? Hageeigaren kryssar fingrane!

Flammentanz står full i knoppar. Det same gjer Pauls Himalayan Musk og Lykkefunn. Santana, Ghita Renessaince og Burgund struttar av iver etter å visa seg fram. Kan dei ta inn att forspranget?

Følg med, følg med…

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s