Sotrasambandet, luftslott og globale megatrendar

Det nye Sotrasambandet – om det vert bygd – vil verta eit av det siste gigantiske veganlegga, ikkje berre på Vestlandet, men i Norge.

Den siste dionosauren?
Den siste dionosauren i lokal samferdsel?

”Utviklinga” angrip slike store veganlegg som Sotrasambandet frå to kantar: Veganlegga i seg sjølv er i ferd med å verta så store, komplekse og kostbare at det er behov for radikal nytenkjing innan persontransport i Bergens-området.

Utviklinga siste åra innan globale megatrendar som klima, miljø, demografi og økonomi er tidlege varsel om framtidige trendbrot samanlikna med dagens situasjon.

Stort, komplekst og kostbart
Dei 9,4 kilometrane med nytt Sotrasamband vil enda opp med ein prislapp på oppunder ein milliard kroner per kilometer. Det har teke 15 år, i periodar med inntil 100 personar engasjerte, å planleggja sambandet. Store areal vil verta beslaglagt og 29 familiar vert nøydde til å flytta frå bustadane sine.

Miljøproblem
Det nye Sotrasambandet genererer eit gigantisk miljøproblem. På Straume skal Stovevatnet fyllast att. Likevel vil Statens vegvesen sitja att med oppunder ein million kubikkmeter overskotsmasse som dei har store problem med å finna fornuftig anvending til. I Bergen protesterer dei mot å få enno meir stein i Liavatnet.

Kollektivtrafikken aukar
Maksimal trafikk over nye Sotrabrua vil utgjera kring 30.000 bilar i døgnet, ifølgje Statens vegvesen. Kor mykje Staten vil sponsa den einskilde bilisten med, er enno ikkje klart.

Til samanlikning er det stadig fleire som vel å reisa kollektivt. Hordaland fylkeskommune hadde 2,5 milliardar kroner i brutto driftsutgifter på å frakta 58 millionar kollektivreisande i 2014. Passasjerbetalinga må gå til fråtrekk i reknestykket. Reknar vi 30 kroner i eigenbetaling per passasjer, vil netto kostnad for det offentlege verta 760 millionar kroner.

Globale megatrendar
Både Bergen og Oslo er storbyar som slit med dårleg luft som følgje av bilkjøring. No er det på trappene reglar som vil forby bilkjøring i delar av sentrum, ikkje berre i periodar med dårleg luft, men permanent.

Av omsyn til klimaet krev EU at nye bilar frå 2020 skal ha redusert utsleppet av CO2, til 85 gram per kilometer. Dit er det eit godt stykke. Dagens nye bilar slepp i snitt ut 110 gram per kilometer, og då er det teke høgde for nær 19.000 elbilar i reknestykket.

Ein massiv overgang frå fossilt til fornybart brensel vil kunna påverka klimaet i gunstig retning. Det vil likevel ikkje redusera miljøproblemet som følgjer i kjølvatnet av store vegutbyggingar.

Demografi
Stadig fleire verdsborgarar søkjer til dei store byane, i håp om arbeid og betre livsvilkår. Heimlege planleggjarar viser til globale demografiske trendar og krev at vi skal gjennom same urbaniseringa.

Optimistiske planleggjarar har utvikla prognoser som tilseier en folkevekst i Bergensområdet på oppimot 200.000 personar innan 2040.

Arbeid til alle?
Det vi bør spørja oss om er korvidt næringslivet – og arbeidsmarknaden i Bergens-området er stor og variert nok til å støtta opp under eit slikt vekstscenario: Kan vi sikra arbeid til alle som bur her og som ønskjer det?

Vil vi i tiåra framover vera like attraktiv for arbeidsinnvandrarar som vi har vore siste tiåret? Tørkar straumen av arbeidsinnvandarar opp like raskt som han kom, vil det bety 100.000 færre innbyggjarar enn det prognosemakarane planlegg for.

Økonomi
Pengar er svært ofte ein del av forklaringa på at ting vert som dei vert. To store, mørke skyer har bygd seg opp siste åra:

Stadig fleire leiande lokale offshore- og oljeserviseverksemder står med tomme ordrebøker. Fallet i oljeprisen har utløyst masseoppseiingar og permitteringar i bransjane som utgjer ryggraden i den vestlandske økonomien. Investeringsplanane indikerer auka aktivitet utpå sommaren neste år, men kva skjer i mellomtida?

Nordmenn er dei mest forgjelda i Europa. Gjeldsveksten i hushaldningane aukar med urovekkjande fart. Stadig fleire familiar har eit bustadlån som dei vil få problem med å betjena dersom ein av partane vert langvarig sjuk eller arbeidslaus.

Luftslott
Scenariet ”Mobilitetsbyen”, med Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som ein kommune, og der nytt Sotra-samband og Bybane fraktar innbyggjarane i Sotra Kystby til og frå Bergen, representerer Fjell kommune si føretreke forteljing om Sotra 2040.

Globale megatrendar er eksterne drivkrefter som påverkar vår heimeleg utvikling med stor kraft. Ved å overvaka desse faktorane på ein systematisk måte, vil ein scenarieutviklar kunna få tidleg indikasjon på trendbrot i noverande utviklingsbanar.

Fleire indikatorane har endra seg dramatisk i Sotra-samfunnet sin disfavør siste åra. Sotrasambandet er den siste dionosauren i vår lokale samferdsel. Når skal planleggjarane byrja ta alarmsignala på alvor?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s