Få einebustadar å velja mellom

Dei som ønskjer å kjøpa bustad i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kan for tida velja og vraka mellom nær 500 bustadar. Nye leiligheter dominerer marknaden. Særleg Fjell har verkeleg fått bustadbygginga på skinner.

Dette prosjektet på Kolltveit har sju ledige leiligheter til sals. Ein er seld. Foto: Eide Boligutvikling.
Dette prosjektet på Kolltveit har fem leiligheter til sals. Ein er seld. Foto: Eide Boligutvikling.

Heile tre av fire av bustadane som er til sals i Region Vest er nybygde og søkjer sin første eigar. Leilighetar og fleirmannsbustadar dominerer – berre 128 er einebustadar, i følgje ein analyse Tunnelsyn har gjort av annonserte bustadar på Finn.no..

Veldig vekst i Fjell
Fjell sitt forsprang på nabokommunane når det gjeld tilbod om bustadar til sals aukar stadig. Heile seks av ti ledige bustadar finn vi i vekstkommunen på vestsida av Sotrabrua.

Noko av veksten kan forklarast med sesongvise svingningar – seljarane tilpassar seg barnefamiliar som gjerne føretrekkjer å flytta på seg i samband med skuleferien.

Nybygg
Vi byrjar også å sjå resultatet av den planlagte bustadpolitikken i Fjell. Kommunen har siste åra lagt opp til ei systematisk tilrettelegging for bustadbygging. Heile sju av ti nye bustadar som for tida er til sals i regionen, finn vi i Fjell.

Nokon av prosjekta, særleg på Straume, har vist seg vanskelege å selja. Som eit resultat har tilbodet på nybygde bustadar til sals i kommunen auka med 35 prosent samanlikna med situasjonen for berre tre månadar sidan.

Kommunen har no ein salsklar bustadreserve tilsvarande tre gongar det som vart omsett i mai, som pleier å vera årets rekordmånad.

Halar innpå Bergen
Når det gjeld nybygg, byrjar Fjell å hala innpå Bergen. For kvar nye bustad som vert lagt ut for sal i kommunen, vert det no bygd sju i Bergen.

Ser vi på marknadssituasjonen i heile Hordaland, er heile 16 prosent av dei nybygde bustadane å finna i Fjell. Dette trass i at kommunen berre har knappe fem prosent av folketalet i fylket.

Trendskifte
Bustadmeldinga for Fjell viser til høg andel av einebustadar, og etterlyser større variasjon i bustadmassen. I løpet av få år er trenden snudd. Det vert no knapt bygd einebustadar lenger.

Teorien var at mange godt vaksne gjerne vil selja einebustaden sin til fordel for ein sutlaus leilighet. Den spådomen kan vi no slå fast ikkje har slege til. Sotrastrilane – også seniorane – trives i einebustadane sine, og vil gjerne ha ein hage å pusla i.

Bomma på marknaden
Tvert om kan det sjå ut til at utbyggjarane har bomma på marknaden. Små einebustadar er det marknaden etterspør mest, og som er lettast å selja, ifølgje dagleg leiar Kjell Rune Garlid i Sotra Trelast.

Av dei 262 bustadane som er til sals i kommunen, finn vi berre 36 einebustadar.

Kjøparar som ønskjer seg ein brukt bustad i Fjell har lite å velja mellom. Berre elleve prosent av dei tilbydde bustadane er brukte.

Askøy
I Askøy, som ut frå folketalet burde hatt ein større bustadmarknad enn Fjell, er det til samanlikning berre 151 bustadar til sals. Her er seks av ti bustadar nye. Kjøparane kan samstundes velja mellom heile 66 einebustadar.

Einebustadar
Høgast andel av brukte bustadar finn vi i Sund, der berre ein av fire ledige bustadar er nybygde.

Sund og Øygarden er dei kommunane der kjøparane finn det prosentvis breiaste tilbodet av einebustadar. Her er meir enn halvparten av bustadane på marknaden einebustadar.

Les også:

Fleire omsette eigedomar, lågare snittpris i mai

Eigedomssal i Fjell, sund, Øygarden og Askøy i april

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.