Otervak og fiskesprett

gammal steinbru_webEg gjekk ein tur på stien og hørte skogens ro… Ein tur langs den gamle kyrkevegen frå Morland til Fjell tek oftast lengre tid enn du hadde planlagt for.

Solstriper gjennom bjørkelauv, gamle steinbruer og ein sti som til tider går heilt i vasskanten. ”Idyll” er ordet som best dekkjer den gamle kulturstien gjennom Sotra si felles utmark. Eller ”Midtmarka”, som kultursjef Lennart Fjell har døypt området.

Turen skil seg frå dei fleste andre turstiane på Sotra, avdi han går gjennom skog og tett vegetasjon.

tepperot_web
Gamle kulturvekstar som tepprot kjempar på vikande front mot plen, importerte hagevekstar og asfalt.

Overrask ein hjort
Ein vanleg vekedag har du området mest for deg sjølv. Går du stilt, risikerer du å treffa på både hjort og oter. Ikkje lett å seia kven som vert mest overraska… Lemen og hoggorm finst her og. I tillegg til eit rikt fugleliv. I vatna kan du sjå fiskesprett.

No midtsommars er det ei fryd å vandra mellom historiske kulturvekstar som einstape, tepperot og blåfjør. Ein naturfagtime in real life!

brannspor2_web
Trolske spor etter storbrannen i 2006.

Til høgre før kyrkja
Einklast å starta turen på Fjell. Kjør til høgre ned bakken like før kyrkja. I motsetnad til dei fleste andre turområda i kommunen, er det ikkje mangel på parkering.

Stien startar like bak innkjøringa til Kvednhaugen. Sist eg gjekk der hadde Turlaget fått på plass ein raudmerka stake.

Kor lang tid du berre vil
trolsk_webGår du fort, tek turen til grinda på Morland ein drøy halvtime. Brukar du augene og lar deg fasinera av landskapet og naturen, kan turen ta kor lang tid du berre vil…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s