Det vart ein…

White Carpet. Etter å ha halde hageeigaren i spenning nær fire veker på overtid, vart det i løpet av gårsdagen klart at ein totalt uventa outsider vart årets første utsprungne rose i rosehagen på Straume.

Den første av mange, Dei neste vekene kjem White Cover til å sjå ut son ei sky av 5-krone små, kvite roser.
Den første av mange, Dei neste vekene kjem White Cover til å sjå ut son ei sky av slike 5-krone små, kvite roser.

Gløym Flammentanz, Musseline og Santana! Bunndekkrosa White Carpet kom sterkt i innspurten og kasta seg framfor konkurrentane med opptil fleire knoppar!

Natthagen
White Carpet var ny i rosehagen fjor, og har nytta vinteren og våren til å breia seg i natthagen. No står ho full av knoppar. I løpet av veka vil ho vera som ei kvit sky å sjå til, og slik vil ho stå – lenge. Remontere gjer ho og…

Juksa litt

Salmon Flower Circus i full blomst.
Salmon Flower Circus i full blomst.

Det er sommar no, ikkje sant? I alle fall seier kalendaren det. I påvente av at temperaturen skal vera i samsvar med forventningane, og rosehagen i samsvar med temperaturen, har hageeigaren late seg freista til å kjøpa roser i bristeferdig knopp. Når Plantasjen lokkar med Austin-roser til halv pris før juni er omme, ja då er hageeigaren berre så altfor lett å freista…

For å seia det med Ingrid Espelid Hovig; Eg har juksa litt. Salmon Flower Circus er eit nytt bekjentskap, som gjer kva han kan for å setja farge på terrassen…

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s