Padleparadiset

20150701_makrellskyer over nordre bildøySkjærgarden vest for Bergen er eit padleparadis du skal leita lenge for å finna maken til. Når temperaturen passerer 20 grader, og makrellskyene jagar kvarandre over himmelen, er det berre å sjøsetja kajakken!

Med utgangspunkt i naustet i Straumsundet kan eg gleda meg over minneverdige padleopplevingar i den heimlege skjergarden mellom Litle-Sotra og Store-Sotra.

Rundt Bildøy, nordover Kolltveitosen eller langsmed Foldnes-stranda og vidare mot Geitanger finst nok av rolege sund innimellom holmar og skjer. Kjem du rundt eit nes, kan det hender du opplever at fjellet opnar seg, og brått er du inne i eit ukjend sund…

Folkehelsetiltak
Ein padletur i dette området er eit reint overskotsfenomen og eit folkehelsetiltak av dei sjeldne.

20150701_hegre_webNaturopplevingane står i kø: Hegrekolonien på Foldnes helsar litt skeptisk på den stiltflytande farkosten. Den gamle oteren som pleide møta meg mellom Gamle og Nye Straumsbru har visst flykta frå gravemaskinene, men eg huskar han som ein nyfiken kar…

Midtfjords ligg Råna, med ei skjerma lagune, fine badeplassar og rikeleg høve til å gå i land, slå opp telt og plukka oskjell til kveldsmat (OBS: pass på giftvarsel frå Mattilsynet!)

Solskinspadling
20150701_solskinsseglasFor oss «solskinspadlarar» er det berre ein fordel at farvatnet innaskjærs oftast er rolegare enn lenger vest mot havet.

Her er heller ingen nyttetrafikk som skapar bøljer. Ser vi vekk frå Bildøy-straumen, og det øydelagte Straumsundet, er det heller ingen omskiftelege straumar å ta omsyn til.

Unngå Straumsundet
Unngå Straumsundet langsmed fyllinga. Fyllinga har gjort sundet smalt og uoversiktleg og forverra straumtilhøva. Tidvis sterk straum, avhengig av flo og fjøre, og vindtilhøve, kan gjera vanskeleg å koma gjennom når straumen går mot. Ein padlar kan oppleva det som utrygt og risikofyllt å ta seg fram, særleg i tilfelle det kjem båtar i mot.

20150701_full stopp i bildestraumen
Full stopp i Bildestraumen på fjøre sjø. Her kjem ikkje eingong ein kajakk gjennom.

Bildøysundet kan vera eit godt alternativ til Straumsundet, men her kan det vera vanskeleg å koma gjennom på fjøre sjø.

Gløymt perle

Privatiseringa av strandsona kan ha sin sjarm. Her har naturen teke tilbake kontrollen...
Privatiseringa av strandsona kan ha sin sjarm. Her er naturen i ferd med å ta tilbake kontrollen…

Fjell kommune vil ha fjellsokningane til å stemma over finaste friområdet i kommunen. Kvifor står ikkje dette området på lista?

Strandsonepalass ein konge verdig.
Strandsonepalass ein konge verdig.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s