Sotra-sambandet tredje dyraste i Norge

Fleire kompliserte kryss og ei fire-felts hengjebru med spenn på 600 meter medverkar til å gjera Sotra-sambandet til tredje dyraste vegsambandet i landet, i forhald til veglengda.

Sotrasambandet
Det nye Sotrasambandet med Valenskrysset i forgrunnen.

Fullt ferdig vil Sotra-sambandet ha ei lengde på 9,4 kilometer. Førebels sluttsum lyder på ni milliardar kroner.

Prosjektleiar Magnus Natås i Statens vegvesen har hjulpe Tunnelsyn med å setja opp ei liste over ti av dei antekne mest komplekse og kostnadskrevjande vegprosjekta i landet. Rangeringa er gjort ut frå informasjon på Statens vegvesen sine heimesider om dei einskilde prosjekta.

Oslo
Ingen vegprosjekt er like. At nokre er meir krevjande enn andre, veit Sotra-strilar som i årevis har følgt med på planlegginga av nytt Sotra-samband. Sluttkostnaden vert deretter. Asfaltkilometrane kostar, ikkje uventa, likevel mest i den mest tettbygde delen av Oslo-området.

Utbetringa av Rv. 150, betre kjend som Ring 3, mellom Ulven og Sinsenkrysset vart ferdigstilt i fjor haust. Heile vegsystemet i tilknyting til Økern-krysset, som før var det mest ulukkesbelasta området i Oslo, var fullstendig lagt om. Det var laga nye kryss og mykje av vegen der det dagleg ferdast meir enn 80.000 bilar, er lagt i tunnel. Total anleggskostnad enda på 1,2 milliardar kroner per kilometer. 200 millionar meir enn det nye Sotra-sambandet.

E16 mellom Sandvika og Wøyen kjem på andreplass. 3,5 kilometer med ny fire-felts motorveg skal leggjast i tunnel. Samla kostnad vert 3,8 milliardar kroner, eller 1,1 milliard kroner per kilometer.

Stavanger-området
Utanfor Oslo-området er det Region Vest som har tenkt dei mest dristige tankane og strekt vegvesenet sin teknologiske og tekniske kompetanse lengst.

Tre prosjekt i Stavangerområdet kvalifiserer til ein plass på Natås sin oversikt, men altså etter Sotra-sambandet:
Arbeidet med Eiganes-tunnelen, ny firefelts tunnel gjennom Stavanger, tok til i fjor. Det vert venta at den 3,8 kilometer lange tunnelen som er ein del av ferjefri E39, vil kosta 600 millionar kroner per kilometer.

Rogfast og Ryfast
Boknafjorden vert første utfordringa for dei som planlegg ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim. Den 26 kilometer lange tunnelen skal ha ein sidearm til Kvitsøy, og vert verdas lengste undersjøiske tunnel når han står ferdig om ti års tid. På det djupaste skal vegen leggjast 400 meter under havoverflata. Kostnaden per kilometer vert likevel berre det halve av kva det kosta å utbetra Sinsen-krysset.

Ryfast skal knyta Ryfylke saman med Hundvåg og vidare mot E39 og Eiganes-tunnelen. Kostnaden for til saman 20 kilometer undersjøisk tunnel, ned til ei djupn på nær 300 meter under havflata er kostnadsrekna til berre 6,4 milliardar kroner, eller 300 millionar kroner per kilometer.

Siste prosjektet, og nederst på lista er E6 mellom Gardermoen og Stange i Hedmark. Prisen på dei 66 kilometrane med ny veg som akkurat vart teken i bruk ser ut til å enda på 100 millionar kroner per kilometer asfalt.

Outsider i tidleg fase
Tre av prosjekta er i så tidleg fase at Statens vegvesen enno ikkje har gått ut med noko prisantyding. Det er likevel grunn til å tru at ferjefri E30 over Bjørnefjorden, E18 mellom Oslo og Sandvika og den sokalla bypakke Grenland vil kunna endra rekkefølgja på lista over mest krevjande vegprosjekt i Norge.

Advertisements

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s